Bergart

Bergart er eit geologisk uttrykk som vert nytta til å klassifisere forskjellige typar stein på same måte som art vert nytta i biologien. Læra om bergartane vert kalla petrologi, som omfattar dei bergartdannande prosessane i og på overflata av jorda, men mest klassifiseringa av bergartane ut frå strukturen og kva for mineral dei er bygd opp av.

Fjellsida nær Orosí i Costa Rica.

Bergarter er danna av mineral og material frå eldre forvitra bergarter, og er kjemisk samansett. Men òg kalkrike rester frå dyr (kalkstein og marmor) kan inngå i ein bergart. Det er måten bergarten er vorte danna på og samansetjinga av minerala som gjev bergartane forskjellige eigenskapar.

Det vert skild mellom tre hovudgrupper av bergarter, ut frå korleis dei har vorte danna.

Magmatiske bergartar

  • Magmatiske bergartar er bergartar som har vorte danna ved at magma frå det indre av jorda har størkna. Dette kan skje på jordoverflata i samband med vulkanisme. Slike bergarter er størkna (avkjølt) hurtig og vert kalla dagbergartar. Dei som størknar på veg opp til overflata vert kalla gangbergartar. Bergartane kan òg dannast ved at magma størknar ned i jordskorpa. Som i kanalen til ein vulkan. Desse vert kalla djupbergartar.

Sedimentære bergartar

  • Sedimentære bergartar er bergartar som har vorte danna ved avsetning (sedimentering) av mineral og gamle bergartsfragmentar. Dette skjer for det meste på botn av vatn (havbotn), men avsetninga kan òg ha skjedd ved vind.

Metamorfe bergartar

  • Metamorfe bergartar er ei omdanna bergart. Omdanninga (metamorfosen) skjer når ein bergart (eller fleire) vert utsett for høgt trykk og temperatur, slik at han smeltar. Bergarten vil då bli omstrukturert og minerala vil verte heilt eller delvis omkrystallisert. Ein metamorf bergart er danna frå magmatiske- eller sedimentære bergarter, eller frå ei blanding av begge.

Vanlege bergartar

NamnKategori (etter danning)HovudmineralEigenskaparBruksområde
GranittMagmatiskFeltspat, kvarts, biotittHard, slitesterkBygnings- og prydstein
SyenittMagmatiskFeltspat, biotitt,Hard, slitesterkBygnings- og prydstein
GabbroMagmatiskFeltspat, mørke minralHard, seigPukk, vegdekke
BasaltMagmatiskFeltspat, pyroksenHard, seigPukk, vegdekke
LeirsteinSedimentærIllitt, klorittMjuk, kan svelle i vatnRåstoff for sement
SandsteinSedimentærKvartsPorøsBygningsstein
KonglomeratSedimentærForskjellig-Prydstein, bygningsstein
KalksteinSedimentærKalsitt (kalkspat)Hard, finkornaBygningsstein, råstoff for sement m.m
LeirskiferMetamorfKvarts, glimmerSkifrigTaktekking, heller
KvartsittMetamorfKvartsSærs hardSilisiumråstoff, vegdekke
MarmorMetamorfKalsitt (kalkspat)Tydeleg krystallin, gjennomskinneligBygnings- og prydstein, filler
KlebersteinMetamorfTalk, kloritt, magnesittMjuk, massivPryd- og bygningstein
GneisMetamorfKvarts, feltspat, glimmerMassiv til skifrigBygningsstein, pukk
AmfibolittMetamorfPlagioklas, hornblendeMassiv til skifrigFyllmasse, pukk

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bergart

Kjelder