Bondeforvandling

a8b8c8d8e8f8g8h8
a7b7c7d7e7f7g7h7
a6b6c6d6e6f6g6h6
a5b5c5d5e5f5g5h5
a4b4c4d4e4f4g4h4
a3b3c3d3e3f3g3h3
a2b2c2d2e2f2g2h2
a1b1c1d1e1f1g1h1
Sjakkbrett med nokre bønder. Bøndene på linene a til d står i utgangsstillinga, på andre rada for kvit og sjuande rada for svart, der dei står når sjakkpartiet startar. Den kvite bonden på f7 har i løpet av fleire trekk gått frå andrerada over brettet, og står no klar til å gjere eit trekk til f8, der den blir forvandla til kvit dronning, tårn, løpar eller springar. Tilsvarande har den svarte bonden på h2 vandra frå sjuanderada over brettet, og står klar til å gå til h1 der det vil skje bondeforvandling.

Bondeforvandling er eit uttrykk i sjakk for forvandlinga av ein bonde som når den siste rada på motsett side av sjakkbrettet – for kvite bønder den åttande rada på sjakkbrettet, for svarte bønder den første rada – til ei dronning, ein springar, ein løpar eller eit tårn av same farge, etter spelaren sitt frie val. Forvandling til konge er ikkje mogleg. Det er heller ikkje mogleg å la bonden bli verande bonde på sisterada, den blir etter sjakkreglane straks ein av desse fire offiserane. Det er heller ikkje lov å forvandle til ei brikke av motsett farge.

Sidan dronninga er den klart sterkaste brikka på sjakkbrettet, skjer over 99 % av forvandlingar i praksis til dronning. Somme gongar kan det likevel vere best å velje ei anna brikke, for eksempel for å unngå at motstandaren blir sett patt, eller ein vel springar for å få til eit dobbeltangrep med springaren, gjerne kalla ein gaffel.

Forvandlinga er uavhengig av kva for nokre brikker motstandaren har teke. Det er mogleg å spele med to eller fleire dronningar, eller med fleire enn vanleg av dei andre offiserane. Viss ei ekstra dronning ikkje er tilgjengeleg, er det vanleg å la eit tårn som står opp ned, gjere same nytta. I turneringssjakk er dette likevel ikkje lovleg. Etter Verdssjakkforbundet FIDE sine reglar for sjakkturneringar har ein spelar som har fått sett bonden på forvandlingsfeltet, rett til å stoppe klokka, til ein offiser av ønskt slag er tilgjengeleg for å fullføre trekket.

Fotnotar