Constanța

Constanța (/kon'stan.ʦa/; historisk namn Tomis, gresk Κωνστάντια, Konstándia, tyrkisk Köstence, bulgarsk Кюстенджа, Kjustendzja) er den eldste byen i Romania og administrasjonssete i Constanța fylke. Constanța har den største hamna ved Svartehavet og ei av dei største i Europa.

Constanța
Kasinoet i Constanța
Kasinoet i Constanța
Kasinoet i Constanța
Byvåpenet til Constanța
Byvåpenet til Constanța


Plassering
Constanța is located in Romania
Styresmakter
LandRomania Romania
FylkeConstanța
BorgarmeisterRadu Ștefan Mazăre
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

124,89 km²
1108.78 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2021)
   - folketettleik
 - Storbyområde

263 688
  2 111,4 /km²
416 628
Koordinatar44°10′24″N 28°38′18″E / 44.17333°N 28.63833°E / 44.17333; 28.63833
Høgd over havet25 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer900xxx
Nettstad: www.primaria-constanta.ro

Constanța er den femte største byen i Romania med noko over 260 000 innbyggjarar. I storbyområdet rundt bur det nesten 420 000 innbyggjarar.

Historie

Ein har funne fleire inskripsjonar rundt om i byen som viser at Constanța ligg der den greske byen Tomis ein gong stod. Tomis (òg kalla Tomi) var ein gresk koloni i provinsen Vesle-Skythia ved kysten av Svartehavet. Han vart grunnlagd rundt år 500 f.Kr. for ein kunne drive handel i området. Truleg kjem namnet frå det greske ordet Τόμη som tyder «bit, stykke».

I år 29 f.Kr. erobra romarane regionen frå Odryses og annekterte områda heilt til Donau og gav det namnet Limes Scythicus.

I år 8 e.Kr. vart den romerske diktaren Ovid (43 f.Kr.-17) vist bort hit av Augustus og døydde her åtte år seinare. Ovid skreiv fleire dikt om Tomis og ein statue av han står ved Ovidplassen (Piața Ovidiu) i Constanța, føre Det historiske museumet.

Byen vart etter kvart ein del av provinsen Moesia, og etter Diocletian, i Skythia Minor, der han var ein metropol. Etter at Romarriket vart delt kom Tomis inn under Austromarriket. Under Maurice sine felttog på Balkan vart Tomis omleira av avarar vinteren 597/598.

Tomis vart seinare gjeve namnet Constantiana til ære for Constantia, halvsystera til Constantin den store (274-337). Den tidlegaste kjende bruken av dette namnet var «Κωνστάντια» («Konstantia») i 950. Byen låg på sjøsida av den store Trajanmuren og var omkransa av festningsverk.

Etter at byen vart ein del av Det bulgarske riket, så dei sjølvstendige fyrstedøma Dobrotitsa/Dobrotici og Valakia under Mircea I av Valakia kom Constanța inn under Det osmanske riket rundt 1419.

Ei jernbanelinje frå Constanța til Cernavodă opna i 1860. Trass i øydeleggingane som jernbanearbeidarane gjorde er det framleis mange restar igjen av murar og søyler frå antikken. Ein imponerande offentleg bygning, som ein meiner kan ha vore eit portbygg, er grave ut og inneheld nokre av dei lengste mosaikkveggane i verda.

Etter den rumenske sjølvstendekrigen i 1878 vart Constanța og resten av Nord-Dobrujdsa avstått av Det osmanske riket til Romania. Byen vart den viktigaste hamnebyen i Romania og mellomstasjon for eksport ut av Romania.

22. oktober 1916, under den første verdskrigen, vart Constanța okkupert av Sentralmaktene (tyske, tyrkiske og bulgarske troppar). Etter Bucurestitraktaten i mai 1918, ein avtale som aldri vart ratifisert av Romania, delte Sentralmaktene kontrollen over Constanța. Byen vart frigjeve av allierte troppar i 1918 etter ein suksessrik offensiv på Thessaloníki-fronten som slo Bulgaria ut av krigen.

Busetnader

Kommunen Constanța innanfor Constanța fylke

Constanța er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:

Folketal 2011[2]Folketal 2021[1]
Constanța278 742255 302
Mamaia132441
Palazu Mare4 9987 945

Storbyområde

Storbyområdet til Constanța omfattar Constanța og 15 andre kommunar, med eit samla folketal på 416 628.[3][4]

KommuneFolketal 2011[2]
Constanțamunicipiu255 302
Eforieoraș8 630
Murfatlaroraș9 173
Năvodarioraș34 398
Ovidiuoraș13 968
Techirghioloraș8 081
23 Augustcomună5 178
Agigeacomună8 722
Corbucomună5 727
Costineșticomună3 121
Cumpănacomună14 757
Luminacomună10 770
Mihail Kogălniceanucomună9 103
Poarta Albăcomună5 587
Tuzlacomună6 4946
Valu lui Traiancomună12 617
Total416 628
Bystranda

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff