Dei nederlandske Antillane

Dei nederlandske Antillane var ei politisk eining i Karibia som fram til 1986 omfatta dei av Antillane som høyrer til Nederland. I 1986 gjekk Aruba ut av Dei nederlandske Antillane, og i 2010 vart Dei nederlandske Antillane oppløyst.

Nederlandse Antillen (nl)
Netherlands Antilles (en)
Antias Hulandes (pap)
Dei nederlandske Antillane

1954–2010
 

 

 

FlaggVåpen
FlaggVåpen
Plasseringa til Dei nederlandske Antillane
Plasseringa til Dei nederlandske Antillane
HovudstadWillemstad
SpråkNederlandsk, engelsk og papiamento
StyreformIkkje spesifisert
Leiar
 - 1954–1980Juliana
 - 1980–2010Beatrix
Historie
 - Oppretta1954
 - Opphøyrde2010
ValutaAntilliansk gylden

Øyane som utgjorde Dei nederlandske Antillane var Aruba (fram til 1986), Curaçao og Bonaire, like nord for kysten til Venezuela, og Sint Eustatius, Saba og Sint Maarten (halvparten av øya St. Martin).

Mellom 2000 og 2005 vart det halde folkerøystingar på kvar av øyane om framtidig status. Som eit resultat av desse slutta Dei nederlandske Antillane å eksistera som ei eining den 10. oktober 2010. Curaçao og Sint Maarten fekk då omfattande sjølvstyre med assosiert status med Nederland, medan Bonaire, Saba og Sint Eustatius vil verta del av Nederland som «særskilte kommunar» (bijzondere gemeente).

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.