Den dominikanske republikken

República Dominicana

(norsk: Den dominikanske republikken, dominikansk)

Det dominikanske flaggetDet dominikanske riksvåpenet
FlaggRiksvåpen
Nasjonalsong«Quisqueyanos valientes»
MottoSpansk: Dios, patria, libertad (Gud, fedreland, fridom)
Geografisk plassering av Den dominikanske republikken
Offisielle språkSpansk
HovudstadSanto Domingo
Styresett
Republikk
Leonel Fernández
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
48 670 km² (129.)
1,6 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
10 734 247 (86.)
220,6 /km² (40.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Portugal
27. februar, 1844
Nasjonaldag27. februar
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
147 600 mill. USD (72.)
USD (.)
ValutaDominikansk peso
TidssoneUTC -4
Telefonkode+1809 og +1829
Toppnivådomene.do


Den dominikanske republikken er eit land som opptek dei austlege to tredjedelane av øya Hispaniola i Karibia. I vest har landet grense til Haiti. Etter Cuba er Den dominikanske republikken er det nest største landet i Karibia, både i folketal og flatevidd. Folk frå Den dominkanske republikken blir kalla dominikanarar.

Den dominikanske delen av Hispaniola var den første spanjolane busette seg på etter oppdaginga si av «Den nye verda», og hovudstaden Santo Domingo står på UNESCO si liste over verdsarv.[1] Landet fekk sjølvstende i 1821, etter tre hundreår med hovudsakleg spansk styre. Landet har gått gjennom lange periodar med manglande politisk stabilitet og demokrati. USA okkuperte landet frå 1916 til 1924. Diktatoren Rafael Trujillo hadde makta fram til 1961. Den påfølgjande borgarkrigen i 1965 førte til invasjon frå USA og deretter eit autoritært styre frå Joaquín Balaguer i perioden 1966–1978. Etter dette har landet vore eit partamentarisk demokrati, hovudsakleg leia av Leonel Fernández etter 1996.

Kart over Den dominikanske republikken

Geografi

Hispaniola er ein av Dei store Antillane. Ho er ei fjellrik øy, og republikken omfattar både den høgaste toppen i Karibia, Pico Duarte, og det lågaste punktet, innsjøen Lago de Enriquillo som ligg 44 meter under havoverflata. Mellom fjella og austdelen av landet ligg fruktbare dalar med sukkerplantasjar. I dei lågttliggande områda i sør og aust er det store, tørre savannar. Landet har naturressursar som nikkel, bauxitt, gull og sølv.

Klima

Den dominikanske republikken har tropisk klima og det meste av året er vêret påverka av nordaustpassaten, som gjev mykje nedbør på nordsida av fjella, medan sørsida vert liggande i regnskuggen. Delar av Cibaosletta og låglandet sør for Cordillera Central får òg lite nedbør. Om sommaren vert passatvinden austleg eller søraustleg, og gjer dermed regn òg i dei sørlege delane av landet.

Temperaturen er høg året rundt og varierer lite gjennom året. I hovudstaden Santo Domingo er middeltemperaturen for heile året 25 °C, og middeltemperaturen varierer frå 24 °C i januar og februar til 27 °C i juli-september. Hovudstaden får 1385 mm med nedbør i eit normalår og mest nedbør kjem det frå mai til november.

Den dominikanske republikken vert stundom råka av tropiske orkanar, og særleg er dei sørlege og sørvestlege områda utsett for store øydeleggingar.

Administrativ inndeling

Den dominikanske republikken er inndelt i eit distrikt, Distrito Nacional, og 31 provinsar:

  • Azua
  • Baoruco
  • Barahona
  • Dajabón
  • Duarte
  • Elías Piña
  • El Seibo
  • Espaillat
  • Hato Mayor
  • Independencia
  • La Altagracia
  • La Romana
  • La Vega
  • María Trinidad Sánchez
  • Monseñor Nouel
  • Monte Cristi
  • Monte Plata
  • Pedernales
  • Peravia
  • Puerto Plata
  • Salcedo
  • Samaná
  • Sánchez Ramírez
  • San Cristóbal
  • San José de Ocoa
  • San Juan
  • San Pedro de Macorís
  • Santiago
  • Santiago Rodríguez
  • Santo Domingo
  • Valverde

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Den dominikanske republikken
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.