Don't Cry for Me Argentina

Don't Cry for Me Argentina
Singel av Julie Covington
frå albumet Evita
B-side

«Rainbow High»

Språkengelsk
UtgjeveDesember 1976
Innspelt1976
SjangerMusikal
Lengd5:27
SelskapMCA
KomponistAndrew Lloyd Webber
TekstforfattarTim Rice
Låtskrivar(ar)Andrew Lloyd Webber, Tim Rice
ProdusentAndrew Lloyd Webber, Tim Rice og David Land
Julie Covington-kronologi 
«Two Worlds Apart»
(1973)
Don't Cry for Me Argentina«Only Women Bleed»
(1977)


«Don't Cry for Me Argentina» er ein song skriven av Andrew Lloyd Webber med tekst av Tim Rice. Han vart først spelt inn av Julie Covington på albumet Evita frå 1976 og seinare for musikalen med same namn i 1978. Han vart i musikalen sungen av rollefiguren Eva Perón, og kjem tidleg i andre akt då Evita taler til menneskemassen frå balkongen sin i Casa Rosada i Buenos Aires i Argentina, og har ein sveipande melodi som er knytt til vide kjenslemessige tema som anger og trass, som er karakteristisk for dei mest populære Lloyd Webber-songane.

Songen deler melodi med «Oh What a Circus» og «Eva's Final Broadcast» frå same musikalen. Rice og Lloyd Webber fekk i 1977 Ivor Novello-prisen for beste song musikalsk og lyrisk.[1] Songen har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar.

Tittelen på songen kjem frå gravskrifta på ein plakett ved grava til Evita Peron ved La Recoleta gravplass i Buenos Aires. Plaketten vart presenter t av taxisjåførane i byen og seier noko slikt som «Ikkje gret for meg Argentina, eg er framleis like ved Dykk.»[2]

Originalversjonen

Musikalen Evita vart opphavleg produsert som eit album, før han vart tilpassa for scenen. Dette vart gjort på same måten for Jesus Christ Superstar. Julie Covington spelte hovudrolla som Eva Perón på albumet, som singelen kom frå. Songen vart først tilbydd til Elkie Brooks, som avslo songen.

Han vart gjeven ut i Storbritannia i desember 1976[3] og nådde førsteplassen på UK Singles Chart i februar 1977, og selde nesten ein millionar eksemplar i Storbritannia.[4] Singelen vart òg populær i Australia og New Zealand, og nådde toppen av singellistene i begge dei landa, i tillegg til fleire land i Europa. B-sida var «Rainbow High», òg frå Evita.

Då Covington ikkje ønskte å spele rolla i sjølve scenemusikalen i 1978, gjekk rolla til Elaine Paige i London. I USA gjekk rolla til Patti LuPone.[5]

Under Falklandskrigen i 1982 mellom Storbritannia og Argentina, vart songen stundom spelt sarkastisk av britiske regimentband medan dei gjekk i land på Falklandsøyane. Samstundes vart Covington-innspelinga forbode på BBC.[3]

Lister

Vekeslister

Liste (1977)Plassering
Australia (Kent Music Report)[6]1
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[7]14
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[8]1
Tyskland (Media Control AG)[9]4
Irland (IRMA)[10]1
Nederland (Mega Single Top 100)[11]1
New Zealand (RIANZ)[12]1
Noreg (VG-lista)[13]10
Sverige (Sverigetopplistan)[14]2
Sveits (Schweizer Hitparade)[15]3
UK Singles (Official Charts Company)[16]1

Årslister

Liste (1977)Plassering
Australia (Kent Music Report)[6]1
UK Singlar (Official Charts Company)[17]3

Madonna version

Don't Cry for Me Argentina
Singel av Madonna
frå albumet Evita
Språkengelsk
UtgjeveDesember 1996
Innspelt1995
SjangerOrkesterpop
Lengd5:34
SelskapWarner Bros.
KomponistAndrew Lloyd Webber
TekstforfattarTim Rice
Låtskrivar(ar)
Produsent
  • Nigel Wright
  • Alan Parker
  • Andrew Lloyd Webber
  • David Caddick
Miami Mix:
  • Madonna
  • Pablo Flores
  • Javier Garza
Madonna-kronologi 
«You Must Love Me»
(1996)
Don't Cry for Me Argentina«Another Suitcase in Another Hall»
(1997)


Den amerikanske musikaren Madonna spelte inn hennar versjon av songen då ho spelte rolla som Evita i filmen Evita i 1996. Han vart gjeven ut i desember 1996 som den andre singelen frå filmmusikkalbumet Evita. For singelutgåva spelte Madonna inn ein dance-remix, produsert av ho sjølv, Pablo Flores og Javier Garza. «Miami Mix»-versjonane har med tekst sungen på engelsk og spanglish.

Musikkvideoen var regissert av Alan Parker og syner klipp frå filmen.

Singelen vart ein stor hit verda over og nådde toppen av singellistene i fleire land, mellom anna Frankrike, der det vart den andre førsteplassen hennar (etter «La Isla Bonita»). Singelen nådde åttandeplassen i USA. i Europa vart det den niande singelen hennar som nådde toppen av Eurochart Hot 100 Singles. I følgje The Official Charts Company selde singelen 340 000 eksemplar i Storbritannia aleine.[18]

Innhald

  • UK CD-singel
  1. «Don't Cry for Me Argentina» (framført av Madonna) – 5:31
  2. «Santa Evita» (framført av Orchestra/John Mauceri) – 2:30
  3. «Latin Chant» (framført av Orchestra/John Mauceri) – 2:11
  • UK «The Dance Mixes» CD-singel / Australsk CD-singel med utbrettbar plakat / tysk 12" singel
  1. «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Mix Edit) – 4:31
  2. «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Spanglish Mix Edit) – 4:29
  3. «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Mix) – 6:51
  4. «Don't Cry for Me Argentina» (album version) – 5:31
  • US 12" / CD Maxi-single (1997)
  1. «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Mix Alternative Ending)
  2. «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Spanglish Mix)
  3. «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Mix Edit)
  4. «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Dub Mix)
  5. «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Mix Instrumental Version)
  6. «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Spanglish Mix Edit)
  • UK Promo CD-singel
  1. «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Mix Edit) – 4:31
  2. «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Mix) – 6:51
  • UK Promo 12" singel
  1. «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Mix) – 6:51
  2. «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Mix Edit) – 4:31
  3. «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Spanglish Mix Edit) – 4:29
  • US Promo CD-singel
  1. «Don't Cry for Me Argentina» (Radio Edit) – 4:49
  2. «Don't Cry for Me Argentina» (Album Version) – 5:31

Lister

Vekeslister

Liste (1997)Plassering
Australia (ARIA)[19]9
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[20]3
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[21]5
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[22]2
Canada Top Singles (RPM)[23]14
Danmark (IFPI)[24]6
Europa (Eurochart Hot 100)1
Finland (Suomen virallinen lista)[25]8
Frankrike (SNEP)[26]1
Tyskland (Media Control AG)[27]3
Irland (IRMA)[28]9
Italia (FIMI)[29]2
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[30]3
New Zealand (RIANZ)[31]6
Noreg (VG-lista)[32]9
Spania (AFYVE)[33]1
Sveits (Schweizer Hitparade)[34]4
Sverige (Sverigetopplistan)[35]9
UK Singles (The Official Charts Company)3
US Billboard Hot 1008
US Billboard Adult Contemporary21
US Billboard Adult Top 4014
US Billboard Hot Dance Music/Club Play1

Årslister

Liste (1997)Plassering
Australia ARIA Singles Chart[36]56
Belgia (Flandern)[37]36
Belgia (Vallonia)[38]18
Frankrike SNEP[39]14
Italia[40]21
Nederland (Mega Single Top 100)[41]80
Sverige[42]54
Sveits[43]22
US Billboard Hot 10087

Andre versjonar

Songen er òg spelt inn av mange artistar:

  • Julie Covington (1976)
  • Farhad Mehrad (1976)
  • Olivia Newton-John (1977, på albumet hennar Making a Good Thing Better)[44]
  • The Carpenters (1977, på albumet Passage)
  • Petula Clark (1977, CBS single, den franske versjonen hennar «La Chanson d'Evita» nådde åttandeplassen i Frankrike.[45]). Ho spelte òg inn ein italienskspråkleg versjon kalla «La No flores por mi Argentina»
  • Elaine Paige (1978 original London-besetning)
  • Shirley Bassey (1978, på albumet hennar The Magic Is You og i 1993 på albumet hennar Sings the Songs of Andrew Lloyd Webber)
  • The Shadows (1978)
  • Festival (1979 ein discoversjon)[46]
  • Tom Jones (1979, album Rescue Me)
  • Patti LuPone (1979 original amerikanske besetning)
  • The Dooleys (1980, på albumet Full House)
  • Joan Baez (1980)
  • Marti Webb (1981 på albumet hennar Won't Change Places og i 1995 på albumet Music and Songs from Evita)
  • Donna Summer (1981) spelte inn songen, men han vart først gjeven ut i 1993 på The Donna Summer Anthology og 1996 I'm a Rainbow.
  • Barbara Dickson (1985)
  • Helene Fischer
  • Stephanie Lawrence (1988)
  • Laura Branigan (1990, Laura Branigan in Concert)
  • Sinéad O'Connor (1992, på albumet hennar Am I Not Your Girl)
  • Andrea McArdle (1995)
  • Sarah Brightman (1996)
  • Madonna, for filmen Evita
  • The Mike Flowers Pops (1996)
  • Maria Friedman (1996)
  • Priscilla Chan (1997 Musical Encounters with Priscilla and the Philharmonic Orchestra)
  • Iza gav ut ein eurodance-versjon av songen på «Dance World Television Hits Volume 2» i Polen i 1997.
  • Judy Collins (1999, på albumet hennar Classic Broadway)
  • Me First and the Gimme Gimmes (1999, på albumet Me First and the Gimme Gimmes Are a Drag)
  • Julian Lloyd Webber i 2001 på albumet Lloyd Webber Plays Lloyd Webber
  • Elena Roger
  • Tina Arena (2003)
  • Cilla Black
  • Sharon Campbell
  • Idina Menzel (2008 i høve 60-årsdagen til Andrew Lloyd Webber i London i Hyde Park )
  • Fiona Hendley
  • Katherine Jenkins
  • Lea Michele og Chris Colfer (2010 for TV-serien Glee)
  • Nicole Scherzinger – (2013) Andrew Lloyd Webber ITV1 40th anniversary special
  • Amanda Harrison (2013) for I Dreamed a Dream: The Hit Songs of Broadway[47]

  • Il Divo (2011, på albumet Wicked Game)

Kjelder