Frelsesarmeen
Frelsesarmeen (engelsk Salvation Army) er eit kristent kyrkjesamfunn og veldedig organisasjon. Frelsesarmeen sin verdsleiar er general Brian Peddle.[1]
Frelsesarmeen | |||
| |||
Skipa | 2. juli 1865 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | London | ||
Omsetjing | 209 659 000 britisk pund (2017) | ||
Donasjonar | 126 416 000 britisk pund (2017) | ||
Tilsette | 2 826 (2017) | ||
Medlemmer | 1 650 000 | ||
Nettstad | https://www.salvationarmy.org/ |
Historie
Frelsesarmeen vart grunnlagd av ekteparet Catherine og William Booth i London 1865. Først brukte dei namnet East London Christian Mission. Salvation Army, det vil seie Frelsesarmeen, vart teke i bruk i 1878. Då omorganiserte Wiliam Booth organisasjonen til den halvmilitære forma han har hatt seinare.[2]
I Noreg vart Frelsesarmeen starta den 22. januar 1888[3] av Hanna Ouchterlony. Den første kyrkjelyden vart grunnlagd i Kristiania, den andre i Arendal. Frelsesarmeen i Noreg vart offentleg godkjend som eige trussamfunn i 2005.Øvste leiar for Frelsesarmeen i Noreg, Færøyene og Island er kommandør Knud David Welander.[4]