Gift
Ei gift er eit stoff som er skadeleg eller dødeleg for menneske eller andre organismar, som regel ved at dei reagerer kjemisk med eit stoff i organismen.
Eit stoff kan vera giftig for ein organisme, men ufarleg for ein annan. Til dømes verker mange medisinar ved at dei er giftige for bakteriar, medan den større organismen dei har infisert toler gifta.
Det er òg stor forskjell på kor sterk ei gift er. Eit stoff som kan skada eller drepa i svært små dosar, kallar me svært giftig eller akutt giftig. I svært store dosar er nær sagt alle stoff giftige, til dømes salt og vatn. Me reknar likevel ikkje desse som gifter.
Døme på gifter
- Arsenikk
- Stryknin
🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen