Kjemisk reaksjon

Kjemiske reaksjonar skjer når to eller fleire molekyl, atom eller ion reagerer med kvarandre og dannar ei eller fleire nye sambindingar – reaksjonsprodukta. Molekyla kan vera av same eller av ulike stoff.

Ammoniakk (NH3) som reagerer med saltsyre (HCl) er ein eksoterm syre/base-reaksjon.

Det finst mange typar av kjemiske reaksjonar, til dømes redoksreaksjonar, syre-base-reaksjonar, hydrolyse og kondensasjonsreaksjonar.

I dei fleste reaksjonar vil reaksjonsprodukta samtidig brytast ned og gå attende til utgangsstoffa, og det vil etter ei tid oppstå likevekt mellom reaksjonsfarta begge vegar. Reaksjonsfarta er til ei kvar tid avhengig av konsentrasjonen av dei ulike stoffa samt trykk og temperatur. Dette blir kalla likevektsreaksjonar og blir framstilt i reaksjonsformlar etter Brønsted-Lowry-prinsippet.

Typar av reaksjonar

  • Syre-base-reaksjonar skjer mellom ei syre og ein base. Viss konsentrasjonane av reaktantar er riktige får ein nøytralisasjon. Reaksjonen mellom natriumhydroksid (NaOH) og saltsyre (HCl) er eit eksempel. Denne reaksjonen gir ei løysning av natriumklorid.
  • Redoks-reaksjonar skjer når ein reaktant vert oksidert og ein redusert. Slike reaksjonar skjer til dømes ved elektrolyse og i galvaniske celler.
  • I ein addisjonsreaksjon er alle atoma i alle reaktantane tilstades i produktet.
  • Eliminasjonsreaksjon
  • Ein kondensasjonsreaksjon er ein reaksjon der det vert danna ei binding mellom to molekyl og eit mindre molekyl vert spalta av. Esterar vert danna ved denne typen reaksjon mellom ein alkohol og ei syre.
  • Hydrolyse

Eksoterme og endoterme reaksjonar

I somme kjemiske reaksjonar blir energi utvikla og avgitt som varme, såkalla eksoterme reaksjonar. Eit døme på dette ser vi når vi tenner eit magnesiumband. Bandet brenn med ei intens kvit flamme og gjev frå seg energi. (2 Mg + O2 → 2 MgO + energi). I andre reaksjonar må energi tilførast utanfra for at reaksjonen skal skje, såkalla endoterme reaksjonar. Om til dømes nitrogen og oksygen skal reagera med kvarandre, må det tilførast energi. (N2 + O2 + energi → 2 NO).

Begge typar reaksjonar kan vera spontane, avhengig av trykk og temperatur. Alle reaksjonar skjer raskare ved høgare temperatur, men likevekta kan då vera forskove mot utgangsstoffa til ulempe for produktutbyttet. I industrielle kjemiske prosessar er reaksjonstilhøva (konsentrasjon, trykk, temperatur) oftast justert til eit kompromiss mellom fart og utbytte.

Eksempel på reaksjonar

  • Raske reaksjonar:
    • Fargeendring i te ved tilsetjing av sitron
    • Lækjemidlet Dispril som blir oppløyst i vatn
    • Sprenging

Sjå òg

  • Reaksjonsmekanisme
  • Reaksjonsorden

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kjemisk reaksjon