Gyrokompass

Eit gyrokompass er eit ikkje-magnetisk kompass basert på ei raskt roterande plate og rotasjonen til jorda (eller ein annan himmellekam om han vert nytta ein annan stad i verdsrommet) for å finne geografisk retning automatisk. Bruk av gyrokompass er ein av sju grunleggjande måtar å avgjere retninga til eit fartøy.[2] Sjølv om ein viktig komponent i eit gyrokompass er eit gyroskop, er ikkje dette det same. Eit gyrokompass er bygd på effekten av gyroskopisk presesjon, som er ei særeiga side ved den generelle gyroskopiske effekten.[3][4] Gyrokompass vert mykje nytta for navigasjonskip, fordi dei har to viktige fordelar over magnetiske kompass:

Utsnitt av eit Anschütz gyrokompass
Eit display[1] (engelsk, repeater)

Luftfartøy brukar ofte gyroskopiske instrument (men ikkje eit gyrokompass)[5] for navigasjon og høgdemonitorering.

Historie

Eit patent frå 1885 var ikkje praktisk.[6] I 1906 vart eit gyrokompass funne opp i Tyskland, av Hermann Anschütz-Kaempfe, og dette vart mykje brukt i den tyske marinen.[3][6][7]

I 1913 vart det utvikla eit gyrokompass for bruk på fartøy i sivil sjøfart. Utviklaren var det tyske firmaet C. Plath.[8]

Kjelder

Bakgrunnsstoff