Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heidi Grande Røys Boka Heidi av Johanna Spyri Heidi er eit kvinnenamn laga som ei tysk kortform av namn som byrjar eller sluttar på heid , ein namnedel som kjem frå gammaltysk haidu , 'glans'. Opphav kan vera Adelheid , Heidrun , Heidelinde og Heidemarie.
Heidi har norsk namnedag den 4. juni og tysk den 16. desember .
Namnet er kjend i Noreg frå 1800-talet. Heidi var blant dei mest brukte namna for nyfødde jenter i Noreg frå rundt 1960 til rundt 1980.
Heidi Biebl (f. 1941), tysk alpinistHeidi Bonde (f. 1954), norsk forfattarHeidi Støre (f. 1963), norsk fotballspelarHeidi Grande Røys (f. 1967),norsk politikarHeidi Zurbriggen (f. 1967), sveitsisk alpinistHeidi Zeller-Bähler (f. 1967), sveitsisk alpinistHeidi Sørensen (f. 1970), norsk politikarHeidi Marie Kriznik (f. 1970), norsk forfattarHeidi Nordby Lunde (f. 1973), norsk politikarHeidi Tjugum (f. 1973), norsk handballmålvaktHeidi Gjermundsen Broch (f. 1975), norsk skodespelarHeidi Løke (f. 1982), norsk handballspelarHeidi Weng (f. 1991), norsk langrennarNamnet er særleg kjend frå boka om Heidi av Johanna Spyri frå 1880 og seinare dramatiseringar.