Helvete

Helvete er eit religiøst omgrep brukt om ein stad eller tilstand fylt av smerte og liding. Det norske ordet «helvete» kjem frå norrønt Hel (dødsriket) og viti ('straff').[1] I mange religionar vert det hevda at vonde eller ugudelege menneske skal pinast i helvete i all æve, eller til dei har sona for gjerningane sine.[2]

Helvete frå ein freske i Sankt Nikolas-kyrkja i Raduil i Bulgaria
Sjå òg Helvete i Espedalen

Førestillingar om dødsrike

I det gamle Mesopotamia fanst det fleire førestillingar om dødsrike. Det kunne vera ein stor underjordisk by verna av sju portar, som i den akkadiske framstillinga av Ishtar si reise til dødsriket. Dette dødsriket var ikkje ei straff for handlingar gjort medan ein var i live, men ein stad ein kom til dersom kroppen til den avdøde hadde gått gjennom dei rette rituala.[3]

Kjelder

Bakgrunnsstoff