Hengjebjørk

Hengjebjørk
Hengjebjørk
Hengjebjørk
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av Hengjebjørk
Utbreiinga av Hengjebjørk
Systematikk
Rike:Planteriket Plantae
Rekkje:Karplantar Tracheophyta
Underrekkje:Frøplantar Spermatophytes
Orden:Bøkeordenen Fagales
Familie:Bjørkefamilien Betulaceae
Underfamilie:Betuloideae
Slekt:Bjørk Betula
Art:Hengjebjørk B. pendula
Vitskapleg namn
Betula pendula
Roth, 1788

Hengjebjørk, hengebjørk, vortebjørk eller låglandsbjørk (Betula pendula) er eit tre i bjørkeslekta.

Allé av hengjebjørker i Donauried i Bayern.

Ein skil treet frå dunbjørka ved at hengjebjørka har dobbelt sagtakka blad, harpiksvorter på årsskota og oppsprukken skorpebark på gamle stammar. Skota kan ofte hengje, noko som har gjeve namn til treet.

Hengjebjørka har kromosomtalet 2n=28, medan dunbjørka har 2n=56; trea vil likevel kunne danne hybrid med 2n=42.

I Noreg veks hengebjørka på tørre marker i låglandet nord til Trøndelag, elles i Saltdal, Sørfold og Sør-Varanger.[2]

Bruk

Betula verrucosa var. dalecarlica

Av bjørkeartane som veks i Noreg, er det hengjebjørk som har produserer trevirke av best kvalitet. Spesielt ettertrakta er masurbjørka som har ved med flammespel.

Hengjebjørka er ofte planta i hagar og parkar. Det finst mange kultivarar til hagebruk, blant dei er orrnäsbjørk eller var. dalecarlica, som har særs djupe bladfliker.

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff