Kyriakos Mitsotakis

gresk politikar

Kyriakos Mitsotakis (fødd 4. mars 1968) er ein gresk politikar som er statsminister i Hellas. Mitsotakis representerer det konservative partiet Nytt demokrati, som han blei leiar for i 2016. Mitsotakis blei vald inn til parlamentet i 2014. Han var minister for forvaltingsreform frå 2013 til 2015. Etter at Nytt demokrati vann parlamentsvalet i 2019, overtok Mitsotakis som statsminister den 8. juli 2019.

Kyriakos Mitsotakis

FøddΚυριάκος Μητσοτάκης
4. mars 1968 (56 år)
Aten
Statsborgar avHellas
Yrkepolitikar, investor
Utdanna vedHarvard University
Stanford University
Athens College
Harvard Business School
MorMarika Mitsotakis
FarKonstantinos Mitsotakis
EktefelleMareva Grabowski
BarnSofia Mitsotakis, Konstantinos Mitsotakis, Dafne Mitsotakis
Alle verv
  • Minister of Administrative Reform and Electronic Governance of Greece (2013–2015)
  • opposisjonsleder i Hellas (2016–2019)
  • Hellas’ statsminister (2019–2023)
  • Hellas’ statsminister (2023–) Sjå dette på Wikidata

Han er son av Konstantinos Mitsotakis, som var statsminister frå 1990 til 1993.

Liv og virke

Bakgrunn

Kyriakos Mitsotakis kjem frå eit av dei politiske dynastia i Hellas. Han er son av Konstantinos Mitsotakis, som var statsminister frå 1990 til 1993. Oldemor hans var syster av Eleftherios Venizelos, som var statsminister i åtte periodar mellom 1910 og 1933, og som hadde ein son, Sofoklis Venizelos, som var statsminister tre gonger.[1] Systera til Mitsotakis, Dora Bakoyannis, har vore gresk utanriksminister og ordførar i Athen.[2] Sonen hennar Kostas Bakoyannis blei i 2019 ordførar i Aten.[3]

Mitsotakis blei fødd i Aten, men då han berre var tre månader gammal flytta familien i eksil til Paris på grunn av militærdiktaturet i Hellas.[4] Familien vende attende til heimlandet etter gjeninnføringa av demokrati i 1974.

Mitsotakis er utdanna i USA. Han har bachelorgrad i samfunnsvitskap Harvard University (1990), mastergrad i internasjonal politikk frå Stanford University (1993) og MBA-grad frå Harvard Business School (1995).[5] Han har arbeidd i London for Chase Investment Bank (1990–1991) og McKinsey and Company (1995–1997).[4][6] I Hellas har han òg arbeidd i banksektoren og i ein næringslivsorganisasjon.

Politisk karriere

Mitsotakis tilhøyrer partiet Nytt demokrati og blei vald inn til paralamentet for første gong i 2004.[5] Han blei gjenvald i påfølgjande val. I 2013 blei han minister for forvaltingsreform i regjeringa leidd av statsminister Antonis Samaras.[4] Nytt demokrati måtte gje frå seg regjeringsmakta til SYRIZA i 2015 og etter to valnederlag same året, blei partileiinga skifta ut. Mitsotakis blei vald til ny partileiar av partimedlemmane i januar 2016.

Etter at SYRIZA tapte valet i 2019 blei Mitsotakis statsminister i landet 8. juli 2019.[7]

Kjelder