Land

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Land (fleirtyding).

Ja, vi elsker dette landet,
som det stiger frem
furet, vejrbidt over vandet,
med de tusen hjem.

Land (frå norrønt land) er eit geografisk avgrensa område eller eit politisk-administrativt område med felles styre. Eit land kan vera ein suveren stat, men kan også vera ein mindre del av ein stat.[1]

Namn og status på land

Personifiserte land innanfor territoria sine på eit Europa-kart frå 1870.

Historisk har ein gjerne omtalt særmerkte område som land, til dømes stader der det budde ei viss folkegruppe. Døme på dette finst i moderne stadnamn som Jylland, Svealand, Götaland, Hordaland og Rogaland, som er knytt til høvesvis jydar, svear, gøtar, hordar og ryger. Andre namn kan koma frå visse særmerke ein meinte landet hadde, som Sjælland (avleidd av 'sel' eller 'furer'),[2] Island og Grønland.

I nokre høve er slike landområde blitt omdanna til moderne sjølvstendige statar, som Irland, Russland og Afghanistan (-stan tyder land). I andre er dei undernasjonale administrative område med eit visst sjølvstyre, som forbundslanda i Austerrike og Tyskland (Bundesland, tidlegare kalla Land)[3] eller dei fire landa (countries) som utgjer Storbritannia: England, Skottland, Wales og Nord-Irland.[4]

Land blir gjerne rekna som suverene statar dersom dei har éi sentralisert styresmakt som har suverenitet over eit definert landområde med fast folkesetnad. Vidare må dei kunna ha internasjonle band med andre statar. Som regel reknar ein også med at land må ha diplomatisk anerkjenning frå andre land for å kunne verka som suverene statar. Usjølvstendige biland eller territorium kan reknast som land i nokre høve, men ikkje andre; innbyggjarar av Hong Kong var til dømes rekna som britiske undersåttar men ikkje statsborgarar då landet var under britisk styre, i dag har mange av dei særskilde britiske eller kinesiske Hong Kong-pass.[5]

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Land
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.