Mekong

Mekong er ei elv som renn gjennom fleire land i Søraust-Asia, og ei av dei største elvene i verda. Ho er den tolvte lengste elva i verda med ei lengd på rundt 4 350 km[1] og den tiande største når det gjeld vassføring, med ei årleg vassmengde på 475 km³. Elva har eit tilfangsområde på 795 000 km². Ho renn frå det tibetanske platået i Tibet, gjennon Yunnan-provinsen i Kina, deretter dannar ho grensa mellom Burma (Myanmar) og Laos og så grensa mellom Thailand og Laos, før ho renn gjennom Laos, Kambodsja og Vietnam. I Vietnam munnar ho ut i Sørkinahavet.[2]

Mekong
Megaung Myit, แม่น้ำโขง (Maenam Khong), ແມ່ນ້ຳຂອງ, Mékôngk, Tonle Thom (ទន្លេដ៏ធំ, ទន្លេមេគង្គ), Cửu Long, Mê Kông, 湄公 (Méigōng)
elv
Mekong sett frå Luang Prabang i Laos
Land Kina,  Burma  Laos,  Thailand  Kambodsja,  Vietnam
Lengd4 350 km
Kart
Mekong
33°42′31″N 94°41′44″E / 33.708611111111°N 94.695555555556°E / 33.708611111111; 94.695555555556
Mekong-elva og nedslagsfeltet hennar.
Mekong-elva og nedslagsfeltet hennar.
Mekong-elva og nedslagsfeltet hennar.
Wikimedia Commons: Mekong

Elva har store skilnader i vassføring mellom tørre og regnfulle årstider, og dette saman med stryk og fossar gjer skipsfart vanskeleg. Elva er likevel ei viktig handelsåre mellom Yunnan og Laos, Myanmar og Thailand.

Namnet «Mekong» er avleidd frå ei samantrekt form av namnet på thai og laotisk, Mae Nam Khong.[3]

Elvelaup

Elva kjem frå Qinghai-fylket i Kina, og renn vidare gjennom Tibet.[2]Ho renn gjennom Yunnanprovinsen i Kina og deretter Myanmar, Laos, Thailand, Kambodsja og Vietnam.

Strekningar med eigne namn

Nokre strekningar av elva har eigne namn, mellom anna

  • Lancang i Kina
  • Saen Pee[4]
  • Mong Pa Liew[4]
  • Tang Or[4]

Demningar

I Kina er det bygd elleve demningar på Mekong (fram til 2020).[5][6]

Jinghong-demninga i Kina er blant dei som held tilbake noko av vassføringa.[4]

I Laos ligg Xayaburi-demninga og Don Sahong-demninga på Mekong.[7][8]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Mekong
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.