Laotisk

Laotisk er offisielt språk i Laos og blir dessutan, i form av dialekten isan, snakka av ein tredjedel av folket i Thailand. Laotisk er eit tonalt språk.

Laotisk
ພາສາລາວ [pha:sa:la:w]
Andre namnLao
KlassifiseringTai-kadai-språk
 Kam-tai-språk
  Be-tai-språk
   Tai-sek-språk
    Tai-språk
     Sørvestleg
      Lao-Phutai
Bruk
Laotisktalande i alt3 184 500[1]
SkriftsystemLaotisk skrift
Språkkodar
ISO 639-1lo
ISO 639-2lao
ISO 639-3lao
Wikipedia på laotisk

Laotisk er nærskyld med thai, skilnaden mellom desse språka kan jamførast med skilnaden mellom svensk og norsk.

Dialektar

Laotisk kan delast i fem hovudmålføre:

  • Vientianelaotisk (Vientiane)
  • Nordleg laotisk (Luang Prabang)
  • Nordaustleg laotisk (Xieng Khouang)
  • Sentrallaotisk (Khammouan)
  • Sørleg laotisk (Champasak)

Ein sjette dialekt blir isan-språket i Thailand.

Alfabetet

Språket blir skrive med laotisk skrift. Alfabetet liknar gammaldags thai-skrift, og er tufta på det det gamle thailandske alfabetet. Ein skilnad er at ein har fjerna mange likelydande bokstavar som thai-skrifta har behelde.

Bruk

Laotisk blir bruka av om lag 3 millionar menneske i Laos, og av knapt 200 000 i Thailand og Kambodsja. 800 000 har laotisk som andrespråk. Bibelen vart omsett til laotisk i 1932. Mellom ein og to tredelar av folket i Laos kan lese og skrive.[1]

Kjelder

Bakgrunnsstoff