Mersin

Mersin er ein stor by ved kysten av Middelhavet sør i Tyrkia. Han er ein del av eit samanhengande storbyområde med Adana og ligg vest i Çukurova, ein geografisk, økonomisk og kulturell region. Byen har 860 000 innbyggjarar (2011). Han ligg 65 km sørvest for Adana.

Mersin
by
Land Tyrkia
RegionMiddelhavsregionen
ProvinsMersin
Høgd100 moh.
Koordinatar36°48′N 34°38′E / 36.800°N 34.633°E / 36.800; 34.633
Areal1 772 km²
Folketal 859 680 [1]
Folketettleik485 / km²
BorgarmeisterMacit Özcan
TidssoneEET (UTC+2)
 - SommartidEEST (UTC+3)
Postnummer33XXX
Retningsnummer(+90) 324
Kart
Mersin
36°48′00″N 34°37′00″E / 36.8°N 34.616666666667°E / 36.8; 34.616666666667
Wikimedia Commons: Mersin
Nettstad: Mersin

Mersin er viktig for den tyrkiske økonomien og hamna i Mersin er den største i Tyrkia. Kallenamnet til Mersin i Tyrkia er Middelhavet si perle og er vertsby for Middelhavsleikane 2013. Det går ferjesamband frå Mersin til Kypros. Byen har òg eit stort oljeraffineri.

Vest for byen ligg ruinane av den romerske hamnebyen Soli-Pompeiopolis.

Klima

Mersin har eit typisk middelhavsklima (Köppen si klimaklassifisering: Csa) med varme og tørre somrar og varme og våte vintrar.

Vêrdata for Mersin
JanFebMarAprMaiJunJulAugSepOktNovDesÅr
Høgast målte °C22,82429,833,935,83536,637,238,536,430,22738,5
Gjennomsnittleg maks °C14,915,618,321,624,828,130,731,53026,921,416,523,4
Døgnmiddeltemperatur °C14,315,116,917,721,525,22828,425,821,515,915,820,5
Gjennomsnittleg min °C9,68,29,714,417,221,224,424,621,51711,89,115,7
Lågast målte °C−0,5−0,9−0,59,81015,318,11816,998,85,4−0,9
Gjennomsnittleg nedbør mm108,19861,949,222,720,221,912,912,640,380,6132,8661,2
Gns. solskinstimar i månaden158,1159,6210,8228272,8303316,2310282241,8177151,92 811,2
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[2]

Venskapsbyar

Kjente innbyggjarar

  • Karacaoğlan - poet
  • Musa Eroğlu - komponist og musikar
  • Haldun Dormen - skodespelar og regissør
  • Seyhan Kurt - forfattar og sosiolog
  • Müfide İlhan - den første kvinnelege borgarmeisteren i Tyrkia på 1950-talet
  • Ahmet Kireççi (også kjend som Mersinli Ahmet) - brytar
  • Nevit Kodallı - komponist
  • Nevin Yanıt - friidrettsutøvar
  • Atıf Yılmaz - regissør og produsent

Kjelder

Bakgrunnsstoff