Netta Barzilai

Netta Barzilai (fødd 22. januar 1993), også kjend under artistnamnet Netta, er ein israelsk songar.[1] I mai 2018 vart ho internasjonalt kjend då ho vann Eurovision Song Contest med songen «Toy».

Netta Barzilai

Fødd22. januar 1993 (31 år)
FødestadHod HaSharon
Fødenamnנטע ברזילי
Aliasנטע
OpphavIsrael
Aktiv2012–
Sjangerpop
Instrumentgitar, synthesizer, live looping
PlateselskapTedy Productions
Verka sommusikar, songar-låtskrivar, DJ, songar, komponist, låtskrivar
PrisarVinner av Eurovision Song Contest, ACUM award

Bakgrunn

Barzilai vart fødd i Hod HaSharon i Israel i 1993, og ho bur framleis i byen. Ho kjem frå ein georgisk familie, og som barn flytta ho og familien til Nigeria. Der budde familien i fire år før dei vende tilbake til Israel.[1]

Før ho starta obligatorisk fyrstegongsteneste i det israelske forsvaret, hadde ho eit tenesteår i Nahal og tenestegjorde seinare saman med Det israelske marinebandet.[2]

Etter vidaregåande og militærteneste studerte Barzilai elektronisk musikk ved Rimon School of Music, og i 2016 var ho med på å starte improviasjons-vokalensemblet The Experiment som turnerte over heile Israel. Ho hadde òg hovudrolla i teateroppsetninga Running on the Sea.[3]

Eurovision Song Contest

I 2018 deltok Barzilai i femte sesong av den israelske talenttevlinga HaKokhav HaBa (norsk: den neste stjerna), og vann tevlinga i februar 2018. Gjennom sigeren vart ho den israelske representanten til Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa i mai 2018.[4][5][6]

11. mars vart det klårt at Barzilai skulle deltake i Eurovision Song Contest med songen «Toy», og bidraget vart raskt favoritt blant spelselskapa til å vinne tevlinga.[7] Fram mot tevlinga heldt ho på favorittstempelet, men i dagane før finalen laurdag 12. mai, låg ho på andreplass på bettinglistene, bak kypriotiske Eleni Foureira og «Fuego».

Israel kvalifiserte seg til finalen etter å ha vunne semifinale 1, og i finalen vann Barzilai til slutt avrøystinga med 529 poeng – 317 poeng frå sjåarane og 212 poeng frå juryane. Dette var den fjerde sigeren til Israel i Eurovision Song Contest.[8][9]

Diskografi

Singlar

ÅrSong
2018«Toy»
2019«Bassa Sababa»[10]

Kjelder