Nikab

Nikab (niqāb) er eit hovudplagg som dekker heile andletet, men ikkje auga.[1] Plagget vert bore av nokre muslimske kvinner som ein del av ein heildekkande hidsjab. Plagget vert brukt mykje i delar av Midtausten, men kan òg finnast brukt i Nord-Afrika, Søraust-Asia og det Indiske subkontinent. Plagget er mest utbreidd i landa på Den arabiske halvøya.[2]

Kvinne frå Jemen med nikab.
Kvinne med nikab i Saudi-Arabia
Muslimsk kvinne med rosa nikab i Sylhet i Bangladesh.

Opphav

Det vert av og til hevda at ansiktsløret opphavleg var ein del av kvinna si bekledning i nokon klasser i det bysantinske imperiet, og at det så vart teke inn i muslimsk kultur etter den arabiske erobringa av Midtausten.[3] Likevel, sjølv om bysantinsk kunst før Islam viser kvinner med tilsløra hovud/hår, så viser den aldri kvinner med tilsløra andlet. Den greske geografen Strabo, som skreiv i det første hundreåret e.Kr. refererer til nokre persiske kvinner som dekte andletet, og den kristne forfattaren Tertullian, som levde i det tredje hundreåret, refererer i verket Tilsløringa av jomfruer til to heidenske kvinner i Arabia som ber eit slør som dekker heile andletet.[4] Desse tidlege kjeldene viser at det fanst bruk av ansiktslør blant kvinner i Arabia og Persia lenge før islam.

Forbod

Nytta av ansiktdekkende slør har vore omstridt moderne tid. Spesielt i den vestlege verda der enkelte land har nedlagt forbod mot det. I 2015 fekk Frankrike medhald av Den europeiske menneskerettsdomstolen for eit slikt forbod for offentleg tilsette. Eit tilsvarande forbod mot å dekkja til andletet på offentleg stad fekk støtte frå same domstol i 2014.[5] Fleire andre land har heilt eller delvis forbod eller restriksjonar mot ansiktdekkande slør.

Det finst òg ulike forbod mot plagget i fleire muslimske land, som i Tyrkia,[6] Syria,[7][8] og Egypt.[9]

Kjelder