Påske

Denne artikkelen handlar om den kristne høgtida. For den jødiske påska, sjå pesah.

Påska (gjennom gresk Πάσχα og arameisk פַּסְחָא [pasḥā] frå hebraisk פֶּסַח [pesaḥ], ‘passering’) er den viktigaste av dei kristne høgtidene, og blir markert til minne om Jesu Kristi død og oppstode. I forkant av påska kjem fastetida og den stille veka, og etter påskesundag kjem påsketida, som varar fram til pinse. I tillegg til den kristne tydinga har høgtida òg innslag frå jødisk pesah, som lammemiddag; frå heidensk tru, som påskeegg; og frå hovudsakleg verdsleg kultur, som påskekrim og påsketur i fjellet.

Påskelilje.

Gulfargen er knytt til påska, kanskje sidan det er fargen til sola, kyllingar og eggeplomma. Dei gule påskeliljene blomstrar vanlegvis ved påsketider, og er blitt eit anna symbol på påska.

Ordsoge

Ordet «påske» er ei forvansking av namnet på den jødiske høgtida pesah. Utanom Skandinavia blir namn avleidde av det hebraiske namnet bruka på nederlandsk og på dei fleste romanske språka. På tysk og engelsk brukar ein oftast det førkristne namnet «Ostern» (tysk) eller «Easter» (engelsk).

Kristen påskefeiring

Jesus på krossen. Måleri av Diego Velázquez (1599-1660).

Stilleveka

Opptakta til feiringa av påske byrjar med palmesundag, og held fram med stilleveka der ein markerer skjærtorsdag og langfredag. Desse dagane er til minne om Kristi liding og markeringa ber i dei fleste kyrkjer framleis preg av den enkle liturgien frå fastetida. I Den katolske kyrkja blir statuar og bilete dekte til, og det blir ikkje ringt med kyrkjeklokkene. Det er òg særs lite dekorasjonar i kyrkjene mellom skjærtorsdag og påskeaftan.

Skjærtorsdag

Skjærtorsdagen er heilagdag i Noreg og Danmark, men er arbeidsdag i dei fleste andre landa. Dagen vert feira til minne om det siste måltidet til Jesus og læresveinane, og dette vert markert med gudstenester med nattverd. Nokre held òg fotvasking til minne om fotvaskinga som har gjeve dagen namn.

Langfredag

Langfredagen er av dei stillaste dagane i året, og det set òg eit preg på gudstenesta. Alterlysa vert ikkje tent, pynten er ofte borte frå alteret, musikken er avdempa. I gudstenesta vert Jesu liingshistorie lesen, ei lang og dramatisk forteljing.

Mange stader har folk krossvandringar der dei minnest Jesu vandring til Golgata, samtidig som dei bed for dagsaktuelle emne. Men i luthersk tradisjon er all langfredagsmarkering avdempa - noko som står i sterk motsetning til den meir dramatiske langfredagsmarkeringa i sørlege, katolske stròk.

Påskeaftan

Påskeaftan er laurdagen før påskedag. Tradisjonelt er det ein dag der ein ikkje har liturgiske handlingar; i både katolsk og ortodoks tradisjon er denne dagen føreskriven som ein dag utan liturgi. Ein seier gjerne at påskeaftan er den dagen då kyrkja står samla i sorg ved Kristus si grav.

Påskevaka

Påskevaka, eller påskevigilia, er starten på sjølve påskefeiringa. Ho blir gjerne feira som ein påskenattsmesse kring midnatt på påskeaftan, eller tidlegast etter solefall. Ein bruker i den kyrkjelege tradisjonen ofte den gamle definisjonen på eit døger som ein finn i jødisk liturgi, nemleg frå solefall til solefall. Det vil seie at det uansett er på sundagen ein byrjar feiringa, uavhengig av det verdslege døgeret sin gang.

I vestleg tradisjon er det tradisjon for at liturgien byrjar med tenning av påskelyset, som er eit symbol på Kristus; han kalla seg «Verda sitt lys». Liturgien står i kontrast til den som har vore dei føregåande dagane; kyrkjene er no pynta, prestane har gjerne på seg dei flottaste messekleda og korsongen er lovsong i staden for dei meir neddempa salmane som blir bruka i fasta og den stille veka. Det er òg tradisjon for å lese Påskelovsongen, ein høgtideleg proklamasjon av påskeunderet.

I den protestantiske kyrkja feirar dei oftast ikkje påskevigilie, men i dei seinare åra er det òg i desse kyrkjelydane vorte stadig meir vanleg med ei gudsteneste påskenatt.

Påskedag

Kristi oppstode. (Russisk ikon frå 1500-talet.)

påskedagen held feiringa av Kristi oppstode fram på morgonen og denne dagen innleier i tradisjonelt ein oktav, det vil seie ein åttedagarsperiode der alle dagar liturgisk sett blir rekna som festdagar på lik line med sundagar.

Påskedagen er halden som den fremste høgtidsdagen i den kristne kyrkja. I mange land held dei òg andre påskedag som heilagdag. Tredje påskedag var heilagdag i Danmark og Noreg fram til 1771, og heldt som «halvhelg» lang tid etter dette.

Påsketida

Påsketida varar fram til pinse.

Verdsleg påskefeiring

Heidenske røter

Sorbiske påskeegg.

Den kristne påskefeiringa fell saman med ein gammal heidensk tradisjon om å feira vårjamndøgeret og eit nytt jordbruksår. For å sikra grøde hadde ein mange skikkar der ein brukte symbol for livskraft. Ein brukte mellom anna egg, til dømes til å grava ned i jorda eller som gåver mellom ungdom. Desse er blitt til vår tids dekorerte eller godterifylde påskeegg

I Tyskland blei egga forbunde med påskeharen; det vart sagt at han ein gong om året kunne leggja egg, og det var i påska.

Nye klede

Nye klede er eit symbol på fornying, noko påska er på mange plan.[1] I engelsktalande land finst ein langvarig tradisjon for å få nye klede til påske. Shakespeare nemner han i Romeo og Julie[2] Å ta på nye klede til påske var rekna som lukkebringande.[3] Etterkvart gjekk skikken over til å gjelda ein hatt som blei kjøpt eller pynta til påske. Denne skikken er omtalt i songen «Easter parade» av Irving Berlin.[4]Skikken er etterkvart gått ut av bruk, slik at berre særs gamle og særs unge bruker ny påskehatt, eller Easter bonnet.[5] I staden er det vanleg for ungar i barnehagar og småskular å pynta spesielle hattar med påskepynt.

Nyare tradisjonar

Fjelltur

I Noreg er det ganske vanleg å nytta påskeferien til å dra på fjellet for å nyta snøen og sola. Dette kan ha samanheng med ein tradisjon om å sjå på sola frå ein fjelltopp påskemorgon. Ein meinte nemleg at sola dansa på denne dagen, i glede over at Jesus var stått opp igjen. Denne skikken kan òg ha både jødiske og heidenske røter:

I jødedommen er pesah frå Toráen av forbunde med ofringa av påskelammetTempelhøgda. Denne ofringa skjer ikkje i våre dagar sidan Tempelet i Jerusalem ikkje står og er i det meste av jødedommen erstatta med lesinga av påskeforteljinga under påskemåltidet. Samaritanarane feirar framleis pesah med ofring av påskelam på Gerizím-fjellet.

Dei moglege røtene i åsatrua heng saman med at sola på denne tida av våren varmar meir enn om vinteren. Sjølv om vi ikkje veit heilt sikkert om det var nokon slik skikk, så er ein fjelltur for å sjå sola stå opp ein rimeleg konsekvens av dette. Ein skikk som er meir direkte knytt til soldyrking og ein tidlegare offerkult, er den gamle norske skikken å smørje smør på ein stein og sjå at sola «et» smøret.

Påskekrim

Eit anna moderne påskefenomen er påskekrimmen, det vil seia ein tradisjon for å lesa kriminalromanar eller senda ein kriminalserie på fjernsynet i påskeveka.

Samisk påske

For reindriftsamane fell påska og starten på reinsdyrtrekket til kysten saman, og høgtida er derfor blitt til ei sosial samlingstid der ein gjerne legg giftarmål, selskap og konkurransar.

Når er det påske?

Dei første kristne feira påska slik ho vart tidfesta etter den jødiske kalenderen. Etter denne kalenderen kunne påskedagen falle på ein kvar vekedag, slik at dei kunne komme til å feire Jesu oppstode på ein fredag. Rundt år 160 e.Kr. byrja difor dei kristne i Roma å feire påskedagen første søndagen etter den jødiske påskeaftan. Men praksisen var ulik inntil kyrkjemøtet i Nikea i 325 fastsette at påskedagen heller skulle feirast første søndagen etter første fullmåne etter vårjamndøgn (her: 21. mars).

I dei vestlege kyrkjene kan påskedagen tidlegast falle på 22. mars, seinast 25. april. Mange austlege ortodokse kyrkjer reknar etter den julianske kalenderen, slik at påska der fell på ein annan dato.

Dato for påskedag år 2000–2050
ÅrVestlege
kirker
Austlege kyrkjer
Gregoriansk
dato
Juliansk
dato
200023. april30. april17. april
200115. april 2. april
200231. mars 5. mai22. april
200320. april27. april14. april
200411. april29. mars
200527. mars 1. mai18. april
200616. april23. april10. april
2007 8. april26. mars
200823. mars27. april14. april
200912. april19. april 6. april
2010 4. april22. mars
201124. april11. april
2012 8. april15. april 2. april
201331. mars 5. mai22. april
201420. april 7. april
2015 5. april12. april30. mars
201627. mars 1. mai18. april
201716. april 3. april
2018 1. april 8. april26. mars
201921. april28. april15. april
202012. april19. april 6. april
2021 4. april 2. mai19. april
202217. april24. april11. april
2023 9. april16. april 3. april
202431. mars 5. mai22. april
202520. april 7. april
2026 5. april12. april30. mars
202728. mars 2. mai19. april
202816. april 3. april
2029 1. april 8. april26. mars
203021. april28. april15. april
203113. april31. mars
203228. mars 2. mai19. april
203317. april24. april11. april
2034 9. april27. mars
203525. mars29. april16. april
203613. april20. april 7. april
2037 5. april23. mars
203825. april12. april
203910. april17. april 4. april
2040 1. april 6. mai23. april
204121. april 8. april
2042 6. april13. april31. mars
204329. mars 3. mai20. april
204417. april24. april11. april
2045 9. april27. mars
204625. mars29. april16. april
204714. april21. april 8. april
2048 5. april23. mars
204918. april25. april12. april
205010. april17. april 4. april

Kjelder

Bakgrunnsstoff