Potetpannekake

Potetpannekake er potetrettar som vanlegvis blir laga av rivne rå poteter som ein steiker i panne.[1] Potetkaker kan lagast på same vis eller med most kokt potet og eventuelt tilreidd litt annleis, men omgrepa kan brukast om kvarandre. Ulike kulturar har sine eigne namn og tradisjonar rundt slike rettar, som svensk raggmunk, askenasisk latke,[2] sveitsisk Rösti[3] eller irsk boxty.[4]

Potetpannekake frå Sachsen, Bambes, med eplemos.

Vanlege ingrediensar å laga potetpannekaker med egg eller mjøl til å binda røra med; lauk, kvitlauk eller krydder til å gje smak, og ulike andre grønsaker.

Potetpannekaker kan vera som middagsrett[5] eller dessert.[6] Dei kan serverast åleine eller med tilbehøyr som rømme, sukker, bær, bacon eller eggerøre.[7][8] Ein kan også laga variantar av søtpotet.[9]

Kjelder