Preussen

Preussen (eller Preußen, latin Borussia eller Pruteina, latvisk Prūsija, polsk Prusy, gammalprøyssisk Prūsa) var namnet på ein geografisk region, eit hertugdøme, og frå 1701 eit kongerike som etter 1871 høyrde til Det tyske riket. Staten hadde i fleire hundreår stor innverknad på tysk og europeisk historie. Den siste hovudstaden i Preussen var Berlin.

Preußen
Preussen
1230–1947
FlaggVåpen
Flagg (1892–1918)Våpenskjold (1701–1918)
Motto
Suum cuique
latinsk: «For kvar enkelt seg sjølv»
Plasseringa til Preussen
Plasseringa til Preussen
Preussen med den største utstrekkinga, som den leiande staten i Det tyske keisardømet
HovudstadMarienburg (fram til 1466), Königsberg, seinare Berlin
SpråkTysk
ReligionProtestantisme etter 1525
StyreformMonarki
Hertug1,2
 - 1230–1239Hermann von Salza (Stormeister)
 - 1511–1525Albert av Brandenburg-Ansbach (siste stormeister)
 - 1525–1568Albert I (første hertug)
 - 1688–1701Fredrik III (siste hertug)
Konge1
 - 1701–1713Fredrik I (første)
 - 1888–1918Vilhelm II (siste)
Statsminister1,3
 - 1918–20Paul Hirsch (først)
 - 1933–45Hermann Göring (siste)
Historisk periodeMellomalderen – nyare historie
 - Klosterstaten1230
 - Sekulariseringapril 1525
 - Union med Brandenburg27. august 1618
 - Kongedømet Preussen18. januar 1701
 - Fristaten Preussen9. november 1918
 - Oppheva (de jure, de facto i 1934)25. februar 1947
Areal
 - 1939297 007 km²
Innbyggjarar
 - 1939 est.41 915 040 
     Folketettleik141,1 /km² 
I dag ein del avTyskland, Polen,
Russland, Litauen,
Danmark, Belgia,
Tsjekkia
1) Statsleiarane i lista her er dei første og siste i kvar tittel.
2) Tittel Hertug vart berre nytta etter 1525.
3) Stillinga Ministerpräsident vart innført i 1792 då Preussen vart eit kongedøme. Statsministrane her er frå Republikken Preussen

Namnet kjem frå gamalprøyssarane, eit baltisk folk i slekt med med litauarane. «Gamle Preussen» vart seinare erobra av Den tyske riddarordenen og så sakte germanisert som ein del av Ordenstaat. Unionen mellom markgrevskapet Brandenburg og Hertugdømet Preussen i 1618 førte i 1701 til at Kongedømet Preussen vart oppretta.

Preussen hadde si stordomstid på 1700- og 1800-talet. På 1700-talet vart nasjonen ein europeisk stormakt under regjeringstida til Fredrik II av Preussen (1740–86). På 1800-talet prøvde kanslar Otto von Bismarck å samle dei tyske fyrstedøma i eit «Mindre Tyskland», som ekskluderte Det austerrikske riket.

Kongedømet Preussen dominerte Nord-Tyskland politisk, økonomisk og hadde flest innbyggjarar, og var kjernen i Det nordtyske forbundet, som vart oppretta i 1867. Dette vart ein del av Det tyske riket eller Deutsches Reich i 1871.

Då Hohenzollern-monarkiet enda i Tyskland etter den første verdskrigen, vart Preussen ein del av Weimarrepublikken som ein fristat i 1919. Preussen som stat vart oppheva de facto av nazistane i 1934 og de jure av dei allierte under den andre verdskrigen i 1947.

Sjå òg