Scillyøyane

Scillyøyane, i norrøne soger Syllingane (engelsk Isles of Scilly, kornisk Ynysek Syllan), er ei øygruppe utanfor sørvestenden av Cornwall i Storbritannia. Tradisjonelt har dei vore ein del av grevskapet Cornwall, men øyane har sidan 1890 vore ei sameint styresmakt.

Isles of Scilly
Ynysek Syllan
Satellittbilete av Sicllyøyane
Satellittbilete av Sicllyøyane
Geografi
StadAtlanterhavet, 45 km utanfor England
Koordinatar49°56′10″N 6°19′22″W / 49.93611°N 6.32278°W / 49.93611; -6.32278

Tal på øyar5 busette, 140 andre
Store øyarSt Mary's, Tresco, St Martins, Bryher, St Agnes
Areal16,03 km²

Administrasjon
LandEngland
Største busetnadHugh Town (1068 innb.)

Demografi
Folketal2100 (2008)
Folketettleik131 /km²

Øyane har status som Area of Outstanding Natural Beauty (særskild vakkert naturområde).

Geografi

Isles of Scilly er ei øygruppe med fem busette øya rog mange mindre øyar (rundt 140 totalt) som ligg 45 km frå Land's End. Dei består av granitt frå seint i karbontida. Dei største øyane er:

ØyFolketal
(2001)
Areal (km²)Største busetnad
St Mary's16666,29Hugh Town
Tresco1802,97New Grimsby
St Martin's (med White Island)1422,37Higher Town
St Agnes (med Gugh)731,48Saint Agnes
Bryher (med Gweal)921,32Bryher
Samson-(1)0,38 
Annet-0,21 
St Helen's-0,20 
Teän-0,16 
Great Ganilly-0,13 
45 småøyar-0,50 
Isles of Scilly215316,03Hugh Town

(1) busett fram til 1855

Det milde klimaet her gjer at dei lokale bøndene gror mykje blomar, mellom anna påskeliljer. Om vinteren vert øyane stundom råka av kraftig vind frå Atlanteren. Dette kan ein sjå igjen i landskapet, som hovudsakleg består av nakne berg og lyngheie ut mot havet.

Historie

St Martin's sett frå lufta
Tresco, ei av dei fem busett øyane

Øyane har vore busett sidan steinalderen. Innbyggjarar har alltid levd av det dei kunne dyrke og fiske. Sjølv om jordbruk og fiske framleis er viktig i dag, er turisme no den største inntektskjelda.

I 1651, under den engelske borgarkrigen, vart øyane erobra av parlamentarianarane under admiral Robert Blake.

På 1800-talet hadde øyane si stordomstid. Strendene som i dag vert vitja av turistar vart då nytta til skipsbygging, og hamnene var fulle av fiskebåtar og handelsskip.

Ein gammal tradisjon som vert halde i hevd er kapproing mellom dei fem øyane med raske båtar – «gigs», med 6 eller 7 mann om bord. Det vert sagt at tradisjonen stammer frå kappløpa om å komme først fram til skipsvrak for å redde lasten.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Reiseguide for Isles of Scilly frå Wikivoyage