Sommarsolkverv

Denne artikkelen handlar om sommarsolkverv. For solvkverv på vinteren, sjå vintersolkverv.

Sommarsolkverv eller sommarsolsnu er tidspunktet når jorda er i det punktet av banen der den halvkula ein er på (nordleg eller sørleg) heller mest mot sola. Dette skjer alltid om sommaren.

Sommarsolkverv på den nordlege halvkula.

Når sola står i sør midt på dagen har ho si høgste høgde over horisonten i året, og klokka tolv vil ho stå rett over hovudet i områda ved 23 breiddegrad. Det er òg den dagen som har lengst daglengde. I daglegtale seier ein ofte at «sola snur» på dette tidspunktet, fordi dagane frå no av vil bli kortare.

Tid for sommarsolkverv

Tabell med norsk (sommar)tid for sommarsolkverv
200321. juni21:10
200421. juni02:57
200521. juni08:46
200621. juni14:26
200721. juni20:06
200821. juni01:59
200921. juni07:45
201021. juni13:28
201121. juni19:16
201221. juni01:09
201321. juni07:04
201421. juni12:51

den nordlege halvkula skjer sommersolkverv anten 21. juni eller 22. juni. På den sørlege halvkula skjer kvervet 21. desember eller 22. desember. Vintersolkverv kjem på motsett halvkule dei same datoane.

Soloppgang i Stonehenge morgonen etter sommarsolkverv. (Foto: Andrew Dunn, 2005)

Feiring

Som vintersolkverv blir solkverve om sommaren gjerne markert med ei feiring. I Noreg er denne kjend som jonsok eller sankthans. Desse feiringane blir ofte haldne rundt den 24. juni, sjølv om kvervet no finn stad på den 21. Dette heng saman med at året den julianske kalenderen er 365,2500 dagar langt, medan det tropiske året er 365,2422 dagar. Dette fører til at datoen for sommarsolkvervet endrar seg med om lag tre dagar i løpet av fire hundre år. Med den moderne gregorianske kalenderen, som er meir nøyaktig, flyttar solkvervet seg også, men på lang sikt endrar datoen seg berre eitt hakk i løpet av tre tusen år.

Sjå òg

Kjelder