Suffolk

Suffolk er eit ikkje-metropolitansk grevskap i East Anglia i England. Det grensar til Norfolk i nord, Cambridgeshire i vest og Essex i sør. Nordsjøen ligg i aust. Administrasjonsbye er Ipswich og andre viktige byar er Lowestoft, Bury St Edmunds og Felixstowe, ei av dei største containerhamnene i Europa.[1]

Suffolk
Geografi
StatusSeremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap
OpphavHistorisk
RegionAust-England
Areal3 801 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

715 700
188,3 /km²
Etnisitet97,2 % kvite
Distrikt
  1. Ipswich
  2. Suffolk Coastal
  3. Waveney
  4. Mid Suffolk
  5. Babergh
  6. St Edmundsbury
  7. Forest Heath

Grevskapet er lågtliggande med få åsar og stort sett våtmarksområde og dyrkbar mark med våtmarksområdet The Broads i nord.

Frå 1889 til 1974 var Suffolk delt i to administrative grevskap, East Suffolk og West Suffolk med administrasjonssenter i respektive Ispwich og Bury St Edmunds.Det er ingen sameinte styresmakter i Suffolk og det seremonielle og det administrative grevskapet har derfor same grenser.

Bakgrunnsstoff

Kjelder