Tryllefløyta

Tryllefløyta eller Tryllefløyten (tysk Die Zauberflöte, K. 620) er ein opera i to akter frå 1791, komponert av Wolfgang Amadeus Mozart til ein libretto av Emanuel Schikaneder.[1] Verket er i Singspiel-form.

Tryllefløyta
K. 620
Opera av Wolfgang Amadeus Mozart
SjangerOpera
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1791
Urframføring30. september 1791
Typisk lengd138:35
Satsar/akter22 (2 akter)
Libretto avEmanuel Schikaneder

Framføringshistorie

Emanuel Schikaneder, librettisten til Tryllefløyta, i rolla som Papageno. I bakgrunnen er eit fuglebur; sjå under.

Tryllefløyta vart framført fyrste gongenden 30. september 1791 ved Freihaus-Theater auf der Wieden i Wien.[1] Mozart leidde orkesteret,[2] Schikaneder song sjølv rolla som Papageno,[1] medan Nattdronninga vart sungen av Josepha Hofer, Mozart si svigersyster.

Verket fekk lunken mottaking dei fyrste førestillingane, men gradvis betra stoda seg. I november 1792 vart operaen framført for 100. gong. Mozart fekk ikkje sjølv oppleve denne milepålen, sidan han døydde den 5. desember 1791, knappe to månader etter premieren.

I dag er Tryllefløyta eit av dei mest populære verka i operarepertoaret.[1]

Bakgrunn

«Der Vogelfänger bin ich ja» framført av Dietrich Fischer-Dieskau i 1953.
«Der Hölle Rache kocht in meinem Herzen» framført av Rita Streich i 1953.
Julia Novikova sp, Königin der Nacht i Der Zauberflöte zweyter Theil. Das Labyrinth under Salzburger Festspiele 2012.

Tryllefløyta er høgdepunktet i ein periode med auka engasjement frå Mozart si side i Schikaneders teatertrupp, som sidan 1789 hadde halde til ved Theater auf der Wieden. Mozart var nær ven av ein av medlemmene av truppen, tenoren Benedikt Schack (den fyrste til å syngje rolla som Tamino), og han hadde komponert for truppen. Det var ikkje uvanleg at desse komposisjonane vart skrivne i fellesskap. Ein slik komposisjon er operaen Der Stein der Weisen frå 1790, der Mozart skreiv duetten «Nun liebes Weibchen», K. 625/592a) og kan hende òg andre stykke. Som Tryllefløyta er Der Stein der Weisen ein eventyropera, rollene liknar på dei i Tryllefløyta, og mange av songarane som tok del ved premieren av Tryllefløyta tok òg del ved framføringa av Der Stein der Weisen.[3]

Tryllefløyta har klåre element av frimurar-symbolikk; både Schikaneder og Mozart var medlemmar av same frimurarlosjen. Operaen er òg påverka av opplysningsfilosofi, og kan sjåast på som ein allegori til støtte for opplyst einevelde. Nattdronninga representerer irrasjonel-diabolsk obskurantisme, medan antagonisten Sarastro symboliserer den miskunnsame herskaren som styrer med faderleg visdom og innsikt.

Det er tydeleg at Mozart tilpassa rollene til dugleiken åt songarane. Truppen inneheldt både virtuose røyster og vanlege komedieskodespelarar som vart bedne om å syngje for høvet. Dette ser me til dømes i at melodiane til buffo-figurane Papageno og Monostatos ofte først vert spelte av strykarane. På den måten kunne skodespelarane som skulle gestalte desse rollene lettare finne innsatsane sine og tonehøgda. På den andre enden av skalaen har ein Nattdronninga; virtuositeten i hennar musikk er legendarisk i operaverda. I ensemblepartia kombinerte Mozart desse vidt ulike songartypane på ein unik måte.

Båe ariane til Nattdronninga, «Der Hölle Rache kocht in meinem Herzen» såvel som «O zittre nicht, mein lieber Sohn», vert rekna som noko av det mest krevjande ein koloratursopran kan gje seg i kast med. Dette fordi ariane fordrar ei røyst med dramatisk nerve, men samstundes med ei særs lys og lett høgde. I andre enden av registeret er Sarastro, som fleire gonger syng ein djup F.

Sjølv om kvinnerollene i operaen er skrivne for ulike typar røyster, vart alle kalla sopran på programbladet for premieren.[4]

Roller

RolleStemmePremierebesetning
TaminotenorBenedikt Schack
PapagenobarytonEmanuel Schikaneder
PaminasopranAnna Gottlieb
NattdronningakoloratursopranJosepha Hofer
SarastrobassFranz Xaver Gerl
Tre damer2 sopranar og ein mezzosopranMlle Klöpfer, Mlle Hofmann, Mme Elisab[e]th Schack
MonostatostenorJohann Joseph Nouseul
Tre gutarGutesopran , alt og mezzosopranAnna Schikaneder; Anselm Handelgruber; Franz Anton Maurer
Talar i tempeletbassHerr Winter
To prestartenor og bassJohann Michael Kistler, Urban Schikaneder
PapagenasopranBarbara Gerl
To menn i rustningtenor og bassJohann Michael Kistler, Herr Moll
Prestar, kvinner, folk og slavar - kor

Desse songane song med eit orkester som bestod av to fløyter (ei dobla med piccolo), to oboar, to klarinettar (opphavleg bassetthorn), to fagottar, to valthorn, to trompetar, pauke, tre trombonar (alt, tenor og bass) og strykarar.

Oppføringar i Noreg

Tryllefløyta er blitt sett opp fleire gonger i Noreg, både i opphavleg tysk og i ulike norske versjonar. Den første kjende oppsetying av heile operaen blei produsert i 1862 av Kristiania Norske Theater.[1]

I 2005 kom ein nynorsk versjon av operaen med norsk folkemusikkstil. Her spelte mellom anna Odd Nordstoga, Berit Opheim og musikkgruppa Harv.[5][6]

I 2015 fekk Den Norske Opera og Ballet merksemd for ei oppsetting med komikaren Atle Antonsen i rolla som Papageno.[1]

Ariar

  • «O zittre nicht, mein lieber Sohn» - Nattas dronning i Akt I, Scene I
  • «Der Vogelfänger bin ich ja» - Papageno i Akt I, Scene I
  • «Dies Bildnis ist bezaubernd schön» - Tamino i Akt I, Scene I
  • «O wenn ich doch» - Tamino i Akt I, Scene III
  • «O Isis und Osiris» - Sarastro i Akt II, Scene I
  • «Alles fühlt der Liebe Freuden» - Monostatos i Akt II, Scene III
  • «Der Hölle Rache kocht in meinem Herzen» - Nattas dronning i Akt II, Scene III
  • «In diesen heil'gen Hallen» - Sarastro i Akt II, Scene III
  • «Ach, ich fühl's, es ist verschwunden» - Pamina i Akt II, Scene VI
  • «Ein Mädchen oder Weibchen» - Papageno i Akt II, Scene V

Kjelder

Bakgrunnsstoff