Ull

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå guden Ull.

Ull er ein naturfiber frå ulike dyr, særleg sau og geit. Ull kan minna om hår og pels, men har ulike eigenskapar som skil seg frå desse. Det blir brukt som tekstilråvare som vert spunne til garn og vidare tilverka til tøy gjennom mellom anna veving, strikking og hekling. Ull kan òg nyttast til toving.

Ull frå merinosau.
Sau med kort ull.
Saueklypping.

Ulla har gjeve opphav til ein særskild ullindustri, i ei viss grad skild frå resten av tekstilindustrien.

Andre ullsortar enn saueull

  • Alpakaull - mjuk ull frå lamadyret alpakka.
  • Angoraull - mjuk ull frå angorakaninar.
  • Kamelull - mjuk ull frå kamelane.
  • Kasjmirull - mjuk og finfibra ull frå kasjmirgeita.
  • Lamaull - liknar alpakkaull men er noko grovare. Frå lama.
  • Mohairull - grov, langfibra, mjuk ull frå angorageita.
  • Nauthår - korte og grove hår frå storfe.
  • Tagl - hår frå man og halehestar.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Ull