WorldCat

WorldCat («Verdskatalogen») er ein felleskatalog, ein database, over boksamlingane og samlingane av anna materiale (som til dømes grammofonplater, kassettband, CD-plater, videofilmar og dataspel) til om lag 72 000 bibliotek i 170 land og område som tek del i Online Computer Library Center (OCLC),[1] ei biblioteksverksemd utan profittføremål som har hovudsete i Dublin i Ohio i USA og fleire lokalkontor kringom i verda. WorldCat er bygd opp og vert administrert kollektivt av dei biblioteka som er med i dette samarbeidet, som samstundes får tilgang til heile denne databasen, og ei særs stor samling av forskingsresultat.I desember 2017 inneheldt WorldCat over 400 millionar bibliografiske innføringar frå 491 språk. Dei representerte over 2,6 milliardar fysiske og digitale bibliotekobjet.[1]

Logo

OCLC blei grunnlagd i 1967 under Fred Kilgour sin leiarskap.[2] Same året byrja OCLC å utvikla katalogiseringsteknologien som skulle bli til WorldCat. Dei fyrste innføringane i katalogen blei lagde inn i 1971.[2][3]

Innføringane i WorldCat vert berre synkronisert med periodevise mellomrom med dei einskilde biblioteka sine katalogar, ikkje dagleg eller samstundes. WorldCat syner dessutan berre det materialet, ein særskild bok eller ein artikkel, som er eigd av det eller dei særskilde biblioteka, ikkje kvar i dei ulike biblioteket materialet er å finne, om materialet er utlånt, utleigd, tapt eller flytta til ein annan stad. Svar på slike førespurnader krev særskilde søk. WorldCat syner heller ikkje om eit bibliotek eig fleire eksemplar av ei særskild bok eller ein særskild artikkel.

Kjelder

Bakgrunnsstoff