Yersinia pestis

ein gramnegativ, stavforma kokkobasill som fører til pestsjukdom
Yersinia pestis
Yersinia pestis
Yersinia pestis
Systematikk
Domene:Bakteriar Bacteria
Rike:Pseudomonadati
Rekkje:Pseudomonadota
Klasse:Gammaproteobacteria
Orden:Enterobacterales
Familie:Enterobacteriaceae
Slekt:Yersinia
Art:Y. pestis
Vitskapleg namn
Yersinia pestis

Yersinia pestis er ein bakterie i familien enterobakteriar. Han held til i mage, blod- og lymfesystema til vertsdyr.[1] Y. pestis smittar pattedyr og finst særleg hos smågnagarar. Han kan spreie seg til menneske gjennom lopper og gjev pest. Pest har gjeve opphav til store dødstal ved fleire kjente epidemiar i historisk tid (utan medisinsk tilsyn har pest høg letalitet), som til dømes Svartedauden, som tok livet av mellom ein tredel og halvparten av folkesetnaden i Europa. Mellom 1987 og 2001 blei det rapportert 36 876 tilfelle av pest til WHO, av desse døyde 2 847.[2]

Slekta Yersinia er ein Gram-negativ kokkebakterie, og som andre enterobakteriar har den eit gjæringsstoffskifte. Yersinia pestis produserer eit antifagocytisk slim.

Historie

Y. pestis blei oppdaga i 1894 av den sveitsisk-franske legen og bakteriologen Alexandre Yersin i samband med ein epidemi i Hong Kong.

Behandling

Y. pestis er særs sensitiv overfor antibiotika, t.d. streptomycin og kloramfenikol.

Kjelder

Bakgrunnsstoff