Amatørradio

Amatørradio er ei fritidsinteresse for radioamatørar, folk som har interesse for radioteknikk og samband og gjennom disse interessene har kvalifisert seg til å få radioamatørsendarlisens. Radioamatørar er gjerne entusiastar som enten har kjøpt eller bygd sitt eige utstyr.

Amatørradiostasjon med HF-utstyr og dataskjerm.
Parabolantenne for jord-måne-jord-samband på frekvensar over 430 MHz.
Amatørradiostasjonen til Panos, med kallesignalet SV8CRI, på øya Lésvos i Hellas.
Amatørradio i felt

Ved enkelte store ulukker og katastrofar har radioamatørar vore det einaste høve store folkegrupper har hatt for kontakt med omverda.

Innan amatørradio har radiostasjonar kvart sitt kallesignal.

Amatørradio vert òg nytta som sambandsstøtte ved redningsoppdrag.

Naturlege påverknader

Dei siste åra, og særleg 2018 med liten solflekkaktitvitet, har medført vanskelege tilhøve for kortbølgesamband.[1]

Påverknad frå nasjonale styresmaktar

Styresmaktenen i kvart enkelt land fastset frekvens-segment i heile radiospekteret som radioamatørane kan nytte. I nokre tilfelle, til dømes i land med spesielt totalitært styresett, kan amatørradioaktivitet vere sterkt avgrensa eller forbode. Ellers vert hobbyen utført på svært like måtar over heile verda.

Noreg

I Noreg er det lov å bruke desse frekvensområda:[2]

FrekvensområdeWattBandbreidde
135,7-137,8 kHz2001 khz
472–479 kHz10006 khz
1810–1850 kHz10006 khz
1850–2000 kHz106 khz
3500–3800 kHz10006 khz
5260–5410 kHz1006 khz
7000–7200 kHz10006 khz
10100–10150 kHz10001 khz
14000–14350 kHz10006 khz
18068–18168 kHz10006 khz
21000–21450 kHz10006 khz
24740–24890 kHz10006 khz
24890–24990 kHz10006 khz
28000–29700 kHz100018 khz
50-52 MHz10018 khz
70,0625-70,0875 MHz10016 khz
70,1375-70,3125 MHz10016 khz
70,3625-70,3875 MHz10016 khz
70,4125-70,4625 MHz10016 khz
144-146 MHz30018 khz
432-438 MHz30030 khz
1240-1300 MHz10020 Mhz
2300-2450 MHz10020 Mhz
3400-3410 MHz1007 Mhz
5650-5850 MHz10020 Mhz
10,25-10,50 GHz10050 Mhz
24,0-24,05 GHz10050 Mhz
24,05-24,25 GHz10050 Mhz
47,0-47,2 GHz10050 Mhz
76,0-77,5 GHz10050 Mhz
77,5–78 GHz10050 Mhz
78–81 GHz10050 Mhz
122,25–123 GHz10050 Mhz
134–136 GHz10050 Mhz
136–141 GHz10050 Mhz
241–248 GHz10050 Mhz
248–250 GHz10050 Mhz

70,1875-70,2625 MHz er ikkje lov å bruke i Hordaland, Rogaland og Vest-Agder.

Kjelder

Bakgrunnsstoff