Apollo 1

«Apollo 1» (opphavleg AS-204) var det første bemanna romfartøyet i det amerikanske Apollo-programmet, som hadde som mål å senda folk til månen.Romfartøyet vart øydelagd i ein brann under ei treningsøving den 27. januar 1967. Mannskapet på tre omkom.

Utvendig bilete av romskipet etter brannen som drap Apollo 1-mannskapet
Apollo 1-mannskapet

Mannskapet ombord på «Apollo 1» var astronautane Gus Grissom, Ed White og Roger B. Chaffee. Enkjene deira ba i etterkant om at namnet «Apollo 1» skulle reserverast for oppskytinga mennene deira ikkje fekk høve til å gjera, og 24. april 1967 annonserte leiaren for programmet George E. Mueller eit nytt namngjevingssystem der «Apollo» med eit tal etter skulle brukast.[1]

Kjelder

Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.