Bengali

Bengali eller bangla (বাংলা [bāŋlā]) er eit indoarisk språk som hovudsakleg vert tala i Bangladesh og i dei indiske delstatane Vest-Bengal og Tripura. Det har utvikla seg frå sanskrit, pali og prakrit.

Bengali
বাংলা, bangla, bangala, bangla-bhasa
Klassifiseringindoeuropeisk
 indoiransk
  indoarisk
   apabhransa avahatta
    bengali
Bruk
Tala iBangladesh, India og nokre andre land
Bengalitalande i alt207 millionar
Rangering4
SkriftsystemBengali
Offisiell status
Offisielt språk iBangladesh og dei indiske statane Vest-Bengal og Tripura
Språkkodar
ISO 639-1bn
ISO 639-2ben
ISO 639-3ben


Del av eit dikt skrive av Rabindranath Tagore på bengali og engelsk.

Bengali vert skrive med eit eige alfabet, bengaliskrift, som er i slekt med devanagari (hindiskrift). Tidlegare brukte ein også prachalit nepal (nepaliskrift) til å skriva språket.

Utbreiing

Ved folketeljinga i Bangladesh i 2001 hadde 110 millionar bengalis som førstespråk medan 250 millionar beherska språket. Ethnologue oppgjev at språket har 193 263 700 i alle land.

I tillegg til Bangladesh finst det mange bengalitalande i India, Nepal, Singapore, Dei sameinte arabiske emirata, Saudi-Arabia, Malawi, Storbritannia, USA og Canada.

Skildring

Bengali er eit SOV-språk og eit tonespråk. Det har tre genus, hannkjønn, hokjønn og inkjekjønn.

Språket har 35 konsonant- og 5 vokalfonem.

Politikk

Bengali har høg status blant talarane sine, og har ei viktig politisk stilling i Bangladesh. Retten til å bruka språket var ein viktig kampsak i hendingane som førte fram til at Aust-Pakistan lausreiv seg frå Vest-Pakistan og blei landet Bangladesh. Språkrørsledagen blir feira kvart år til minne om bengalarar som døydde for språket sitt.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikipediabengali


Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.