Indisk rupi

Rupi (valutasymbol: ) er mynteininga i India. Ein rupi blir delt inn i 100 paisa. ISO 4217-koden for indisk rupi er INR. Indisk rupi blir også noko brukt i nabolanda Bhutan og Nepal. Indisk rupi har fast kurs med bhutansk ngultrum (lik verdi) og nepalsk rupi, der 1 INR = 1,6 NPR.I mars 2009 var 100 indiske rupi verdt 12,910 norske kroner.

Indiske rupisetlar

Rupi er også mynteininga i Pakistan, Sri Lanka, Mauritius og på Seychellane.

8. november 2016 blei 500- og 1000-rupisetlar gjort ugyldige som betalingsmiddel av den indiske regjeringa i eit tiltak mot svarte pengar. Tiltaket trådde i kraft ved midnatt same dag. Nye setlar tilsvarande 500 og 2000 rupi gjekk i omlaup frå 10. november 2016.[1][2]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Indisk rupi
Denne økonomiartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen