Kratersjø

Ein kratersjø er ein innsjø i eit vulkankrater, kaldera eller ein maar. Nedbør fyller senkinga i terrenget fram til det oppstår likevekt mellom vatnet som kjem inn og vatnet som fordampar, renn ut via botn eller renn ut via ei elv ved kanten av krateret. Kratersjøar som dekkjer aktive (fumarolske) vulkanventilar vert ofte kalla vulkansjøar, og vatnet i dei er ofte surt, metta med vulkanske gassar og er ofte ugjennomsiktig med grønfarga vatn. Innsjøar i utdøydde eller sovande vulkanar har som regel ferskt vatn og ofte klårt vatn sidan det ikkje har innsig frå elvar eller sediment.

Ein kratersjø som berre vert kalla Crater Lake i Oregon i USA
Tianchi i Nord-Korea og Kina
Cuicocha i Ecuador
Innsjø danna etter utbrotet til Pinatubo i 1991 på Filippinane
Mount Katmai i Alaska i USA
Kratersjøen på Wenchi i Etiopia
Nemrut i Tyrkia
Volcán Irazú i Costa Rica

Den høgaste vulkanen i verda, Ojos del Salado på 6 839 meter over havet i Andesfjella, har ein permanent kratersjø med diameter på 100 meter i ei høgd på 6 390 meter over havet på austsida. Dette er truleg den høgastliggande innsjøen i verda, uansett type.

På grunn av dei ustablie omgjevnadane eksisterer enkelte kratersjøar berre mellombels. Kalderasjøar kan derimot vere ganske store og langvarige, som t.d. Tobasjøen som vart danna etter eit utbrot for om lag 70 000 år sidan og som dekkjer eit areal på over tusen kvadratkilomter.

Mange kratersjøar er vakre å sjå på, men dei kan òg vere dødlege. Gassutstrøyming frå Nyossjøen kvelte 1 800 menneske i 1986 og kratersjøar som den på Ruapehu har ofte medverka til katastrofale laharar.

Innsjøar kan òg fylle nedslagskrater, men desse vert vanlegvis ikkje kalla kratersjøar, bortsett frå eit par enkeltetilfelle. Døme på slike innsjøar er Bosumtwi i Ghana og Siljan i Sverige.

Kjende kratersjøar

InnsjøStad
Albanosjøen Italia
Lago de Atitlán Guatemala
Blue Lake South Australia
Bolsenasjøen Italia
Braccianosjøen Italia
Laguna Chicabal Guatemala
Crater Lake USA
Cuicocha Ecuador
Tianchi Nord-Korea/ Kina
Volcán Irazú Costa Rica
Kapoho Crater Hawaii
Mount Katmai Alaska
Rano Kau , Rapa Nui (Påskeøya)
Kelut Indonesia
Kerið Island
Kurile Kamtsjatka i Russland
Medicine Lake Volcano California i USA
Mashu Japan
Nemisjøen Italia
Nemrut Tyrkia
Newberry Volcano Oregon i USA
Nyossjøen Kamerun
Pinatubo Filippinane
Rano Raraku Rapa Nui (Påskeøya)
Mount Ruapehu New Zealand
Shikotsu Japan
Soufrière Saint Vincent
Taalsjøen Filippinane
Lake Taupo New Zealand
Tazawa Japan
Tobasjøen Indonesia
Towada Japan
Vicosjøen Italia
Wenchi Etiopia

Kjelder