Nataša Pirc Musar

Nataša Pirc Musar (fødd 9. mai 1968) er ein slovensk advokat, journalist, forfattar og politikar som frå 23. desember 2022 har vore president i Slovenia. Ho har tidlegare hatt ei rolle som eit nasjonalt data/informasjonsombod[a] (2004–2014) og ho har vore president i den slovenske Raudekrossen (2015–2016).

Nataša Pirc Musar

Fødd9. mai 1968 (55 år)
Ljubljana
Statsborgar avSlovenia, Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia
Partipartilaus
Yrkejournalist, jurist, politikar, kommunikasjonsdirektør
Utdanna vedUniversitetet i Ljubljana
Universitetet i Wien
EktefelleAleš Musar
Alle verv
  • Slovenias president (2022–) Sjå dette på Wikidata

I 2022 melde Pirc Musar sitt kandidatur til valet av president for republikken Slovenia og sigra i andre runde over motstandaren sin, Anže Logar. Ho blei vald som den fyrste kvinnelege presidenten i Slovenia. Ho tiltredde stillinga 23. desember 2022.[1] Etter den slovenske forfatninga har presidenten hovudsakleg ei seremoniell rolle.[2]

Biografi

Nataša Pirc Musar blei fødd 9. mai 1968 i Ljubljana i det dåverande Jugoslavia.[3] Ho har studert juss ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Ljubliana. Etter eksamen i 1997, da ho også fekk advokatløyving, jobba ho i ulike fjernsynskanalar.[4] Frå 2001 var ho leiar for kommunikasjonsavdelinga i Aktiva Group.[5] Frå 2004 til 2014 var Pirc Musar data- og informasjonsombod ved den slovenske høgsteretten.[6]

Ho tok doktorgrad ved det juridiske fakultet ved Universitetet i Wien i 2015.[7][8][9]

Politisk karriere

23. juni 2022 kunngjorde Pirc Musar at ho stilte som uavhengig kandidat til presidentvalet som skulle finne stad 23. oktober 2022.[10][11] Ho var den fyrste som melde kandidaturet sitt, og fekk støtte frå dei tidlegare presidentane Milan Kučan og Danilo Türk.[12]

I den fyrste valomgangen i presidentvalet blei Pirc Musar nummer to med 26,88 % mot kandidaten Anže Logar frå Det slovenske demokratiske partiet, som fekk 33,95 % av røystene. I andre valomgang 13. november 2022 fekk Pirc Musar 53,89 %.[13] Ho blei tatt i eid som president 23. desember 2022.

Privatliv

Pirc Musar er gift med forretningsmannen Aleš Musar.[14][15]

Merknadar

Kjelder