Pave Aleksander VI

spansk prest

Aleksander 6. (1. januar 143118. august 1503) var ein spanskfødd, katolsk kyrkjeleiar som var pave frå 1492 til 1503. Han var både på fars- og morssida av den spansk-italienske adelsætta Borgia.

Pave Aleksander VI

FøddTruleg 1. januar 1431
Xàtiva
Død18. august 1503
Roma

Morbroren, pave Calixtus 3, skaffa Aleksander embete i kyrkja og store eigedomar. Sjølv var han ein typisk representant for samtida; handlekraftig, listig og tidvis omsynslaus. I 1494 stod han bak den langtrekkande Tordesillasavtalen. Avtalen sette ei skiljelinje i Atlanterhavet mellom Spania og Portugal sine interesseområde. Dominikanaren Girolamo Savonarola kalla Aleksander for den verste representanten for umoral i kyrkja. Paven svarte med å lyse Savonarola i bann og fekk han brent som kjettar.

Pave Aleksander 6. var far til kjende og berykta folk som Cesare og Lucrezia Borgia.

Kjelder