Purin

kjemisk sambinding

Purin (C5H4N4) er ei organisk sambinding danna av ein pyrimidinring og ein imidazolring. Stoffet er utgangspunkt for ei rekkje andre sambindingar kjend som purinar. Mange av desse stoff har viktige fysiologiske verknadar, som urinsyre, xantin, teobromin, koffein, adenin og guanin. Dei to sistnemnde stoffa er særskild viktige, ettersom dei er komponentar i nukleotidar og nukleinsyrer. Purinar blir bygde opp i cellene ved ei trinnvis addering av N- og C-atom til aminosyra glysin. Nedbrytningsproduktet hjå menneske og høgare apar er urinsyre, mens andre artar bryt denne ned vidare.

Strukturformel av purin.

Kjelder