Shirley Temple

amerikansk skodespelar

Shirley Temple Black (23. april 192810. februar 2014)[2] var ein amerikansk skodespelar og diplomat. Ho vert rekna som tidenes største barneskodespelar.[3]

Shirley Temple

Fødd23. april 1928
FødestadSanta Monica
Død10. februar 2014 (85 år)
DødsstadWoodside
FødenamnShirley Jane Temple[1]
Aktive år1932, 1967–1963, 1992
Verka somskodespelar, filmskodespelar, songar, diplomat, barneskodespelar, dansar, fjernsynsskodespelar, politikar
MorGertrude Amelia Temple
FarGeorge Francis Temple
EktefelleJohn Agar, Charles Alden Black
Born3
PrisarAcademy Juvenile Award, Screen Actors Guild Life Achievement Award, Kennedy Center Honors, æresborger av Plzeň, Golden Plate Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame
Shirley Temple med Canadas statsminister William Lyon Mackenzie King i 1944.

Liv og virke

Bakgrunn

Shirley Temple var dotter av George Francis Temple (1888–1980) og kona hans Gertrude Amelia Krieger (1893–1977). Allereie som treåring byrja ho på danseskule i Los Angeles. Der vart ho oppdaga av Charles Lamont, og vart ei såkalla barnestjerne.

Karriere

Ein av dei fyrste filmrollene til Temple var i musikalen Bright Eyes (1934), som ho vann ein Oscar for. Ho medverka i eit stort tal filmar i 1930-åra, og var ei av dei største filmstjernene på den tida. Temple trekte seg tilbake frå rampelyset i byrjinga av tjueårsalderen.

Då Temple var 16 år gammal gifta ho seg med skodespelaren John Agar, og dei fekk ei dotter. Dei skilde seg ganske snart, og i 1950 gifta ho seg med forretningsmannen Charles Alden Black som ho fekk to barn saman med.

Temple vart seinare politisk interessert og vart medlem av Det republikanske partiet. I 1967 prøvde ho å verte vald inn i Kongressen, utan å lukkast. Ho fekk i staden fleire diplomat-oppdrag, då ho blant anna deltok ved fleire internasjonale konferansar og møter som delegat frå USA. Ho var ambassadør i Ghana, og seinare i Tsjekkoslovakia.[4] I 1976 vart ho protokollsjef for USA, og var i denne stillinga ansvarleg for alle USA sine seremoniar, besøk og gåver til utanlandske dignitærar. Temple var også styremedlem i fleire større føretak, som The Walt Disney Company og Del Monte Foods.

Shirley Temple har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. I 1998 vart ho tildelt Kennedy Center Honors. I 1999 vart Temple kåra til tidenes 18. største kvinnelege filmlegende av Det amerikanske filminstituttet.[5]

Filmografi

Temple var ein skodespelar som var aktiv i filmindustrien frå 1932 til 1949. Ho var med i fleire kortfilmar om livet hennar og til andre skodespelarar som ho arbeidde med i løpet av karrieren sin.[6]

Spelefilmar

ÅrFilmRolle
1932The Red-Haired AlibiGloria Shelton
1933Out All NightBarn (som Shirley Jane Temple)
To the Last ManMary Stanley (ikkje kreditert)
1934CarolinaJoan Connelly (ikkje kreditert)
Mandalay(scener slettet)
As the Earth TurnsBarn (ikkje kreditert)
Stand Up and Cheer!Shirley Dugan
Change of HeartShirley – Jente på flyet (ikkje kreditert)
Little Miss MarkerMarthy 'Marky' Jane
Now I'll TellMary Doran
Baby Take a BowShirley Ellison
Now and ForeverPenelope «Penny» Day
Bright EyesShirley Blake
1935The Little ColonelLloyd Sherman
Our Little GirlMolly Middleton
Curly TopElizabeth Blair
The Littlest RebelVirginia «Virgie» Cary
1936Captain JanuaryHelen «Star» Mason
Poor Little Rich GirlBarbara Berry
DimplesSylvia «Dimples» Dolores Appleby
StowawayBarbara «Ching-Ching» Stewart
1937Wee Willie WinkiePriscilla «Winkie» Williams

ÅrFilmRolle
1937HeidiHeidi Kramer
Ali Baba Goes to TownSom seg sjølv (ikkje kreditert)
1938Rebecca of Sunnybrook FarmRebecca Winstead
Little Miss BroadwayBetsy Brown Shea
Just Around the CornerPenny Hale
1939The Little PrincessSarah Crewe
Susannah of the MountiesSusannah 'Sue' Sheldon
1940The Blue BirdMytyl
Young PeopleWendy Ballantine
1941KathleenKathleen Davis
1942Miss Annie RooneyAnnie Rooney
1944Since You Went AwayBridget 'Brig' Hilton
I'll Be Seeing YouBarbara Marshall
1945Kiss and TellCorliss Archer
1947HoneymoonBarbara Olmstead
The Bachelor and the Bobby-SoxerSusan
That Hagen GirlMary Hagen
1948Fort ApachePhiladelphia Thursday
1949Mr. Belvedere Goes to CollegeEllen Baker
Adventure in BaltimoreDinah Sheldon
The Story of SeabiscuitMargaret O'Hara Knowles
A Kiss for CorlissCorliss Archer

Kortfilmar

Dei fleste filmane i perioden frå 1933 til 1934 vart produserte som ein del av serien Baby Burlesks.

ÅrFilmRolle
1932Kid's Last StandGirl
Runt PageLulu Parsnips (ikkje kreditert)
War BabiesCharmaine
The Pie-Covered WagonShirley
1933Glad Rags to RichesNell/La Belle Diaperina
Kid in HollywoodMorelegs Sweettrick
The Kid's Last FightShirley
Polly Tix in WashingtonPolly Tix
Kid 'in' AfricaMadame Cradlebait
Merrily YoursMerry Lou Rogers
New Deal RhythmJenta som ikkje likte spinat (ikkje kreditert)

ÅrFilmRolle
1933Dora's Dunking DoughnutsShirley
What's to Do?Mary Lou Rogers
1934Pardon My PupsMary Lou Rogers
Managed MoneyMary Lou Rogers
The Hollywood Gad-AboutSom seg sjølv
1939The Autograph HoundSom seg sjølv
1942Our Girl ShirleySom seg sjølv
1946American Creed

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Shirley Temple