Svartaugebønne

Svartaugebønne
Svartaugebønne
Svartaugebønne
Systematikk
Rike:Planteriket Plantae
Orden:Erteblomordenen Fabales
Familie:Erteblomfamilien Fabaceae
Underfamilie:Faboideae
Stamme:Phaseoleae
Slekt:Vigna
Art:Augebønne V. unguiculata
Underart:Svartaugebønne V. u. unguiculata
Vitskapleg namn
Vigna unguiculata unguiculata

Svartaugebønne er ei bønne som blir dyrka til mat over heile verda.[1] Det er ein underart av augebønne, ein plante frå den gamle verda som blei domestisert i Afrika.

Mogen, opna svartaugebønne i belg og belg i utvikling.
Svartaugebønner i og ute av belgar.

På engelsk er det vanleg å kalla bønnene black-eyed pea eller black-eyed bean.[2] Ein utbreidd kommersiell variant er California Blackeye, som er bleikfarga med ein tydeleg svart flekk. Det finst talrike sortar i Sørstatane, mange av dei rekna som arveplantar, med bønner som varierer i storleik frå små «lady peas» til svært store bønner. Fargen på «augo» kan vera svart, brun, raud, rosa eller grøn. Alle ertene er grøne når dei er nyskrelte og brune når dei er tørre. Ein populær variasjon av bønna er purple hull pea eller mud-in-your-eye pea; denne er vanlegvis grøn med ein framståande lilla eller rosa flekk.[3][4] Det som for tida er akseptert botanisk namn for bønna er Vigna unguiculata subsp. unguiculata,[5] men tidlegare var ho klassifisert i slekta Phaseolus.[6] Vigna unguiculata subsp. dekindtiana er den ville slektningen og Vigna unguiculata sub sp. sesquipedalis er slektningen meterbønne. Andre bønner med litt liknande utssjånad, som frijol ojo de cabra (‘geiteaugebønner’) i nordlege Mexico, som av og tid blir omtalt som svartaugebønner, og omvendt.

Historie

Svartaugebønna stammar frå Vest-Afrika, men er blitt dyrka så langt unna som i India og Kina sidan forhistorisk tid.[7] Frå 1600-talet blei ho dyrka i Virginia av afrikanske slavar som var blitt førte til Amerika i lag med innfødde plantar frå heimlandet sitt.[8][9][10] Avlinga kom òg til å bli utbreidd i Texas.[11] George Washington Carver promoterte dyrking av bønna fordi ho som ei belgfrukt kunne tilføra nitrogen til jorda, samstundes som ho har høg næringsverdi. I heile sørstatsområdet av USA er svarteaugebønna framleis ein utbreidd ingrediens i tradisjonell matlaging, som soul food.[12][13]

Dyrking

Bønneplanten er varmeelskjande, og må fyrst såast etter at all fare for frost er forbi og jorda er varm. Frø som er sådde for tidleg vil rotna før dei spirer. Svartaugebønne er ekstremt tørketolerante, så ein bør unngå overdriven vatning.[14]

Etter at ein har planta eit bønnefrø skal det byrja å veksa etter 2-5 dagar.

Lukkebringande nyttårsmat

Nyttårsdagen i Alabama: svartaugebønne, skinke og peparsaus.

Sørstatane i USA

I Sørstatane i USA finst det ein tradisjon for at å eta svartaugebønner eller ein rett med dei, Hoppin' John, på nyttårsaften vil føra til velstand i det nye året.[15] Bønnene blir vanlegvis tilreidde i lag med svinekjøt for å gje smak (som flesk, fatback, skinkebein eller svinekjakar) og hakka lauk, og servert med ein sterk chilisaus eller ein sterk eddik. Det tradisjonelle måltidet inkluderer også kål, collard, nepe sennepsblad og skinke. Sidan bønnene svulmar opp når ein kokar dei, symboliserer dei velstand, dei grøne blada symboliserer pengar, og svinekjøt representerer positiv rørsle, fordi grisar rotar framover når dei leitar etter mat.[16] Cornbread, som representerer gull, blir ofte servert til dette måltidet.[17]

Lobia-karri, ein rett med svartaugebønne frå India.

Svartaugebønner inneheld mellom anna kalsium (41 mg), folat (356 μg), protein (13,22 g), fiber (11,1 g) og vitamin A (26 IE), med mindre enn 840 kilojoules (200 kilocalorie) matenergi i ein porsjon på 170 gram (6 oz).[18]

Afrika og Midtausten

I Egypt blir bønnene kalla lobia.[19] Dei kan kokast med lauk, kvitlauk, kjøt og tomatjus til ein kjent rett, servert med egyptisk ris med litt pastina (minipasta) kalla shaerya i.

I Jordan, Libanon og Syria blir lobya eller grøne svartaugebønner kokt med lauk, kvitlauk, skrella og hakka tomat, olivenolje, salt og svart pepar.

I Nigeria og Ghana i Vest-Afrika og i Karibia finn ein tradisjonelle retter som blir kalla akara eller koose. Dette er små frityrsteikte kaker eller bollar av moste svartaugebønner. I Nigeria finst ein pudding kalla 'moin-moin' laga av mosa bønner med krydder og nokre planteingrediensar som blir dampa. Denne blir servert i lag med til dømes pap, ris eller garri.[20]

Asia og Stillehavet

I Indonesia blir svartaugebønner kalla kacang tunggak eller kacang tolo. Dei blir vanlegvis brukt i karri-rettar som sambal goreng, ein sterk raudfarga karrirett, sayur brongkos eller sayur lodeh.

Bønna blir brukt over heile India. I Nord-India blir ho kalla lobia eller rongi og kokt som dal, servert med kokt ris.[21] I Maharashtra blir bønna kalla chawli og brukt til ein karri kalla chawli amti[22] eller chawli usal. I Karnataka blir bønna kalla alsande kalu og blir brukt til huli, ein populær type karry.[23] I Sør-Kanara-distriktet blir ho kalla lathanay dha beeja og blir kokt i krydra kokosnøttpasta til å laga ein sausete eller ein tørr karrirett. I Tamil Nadu blir bønna kalla karamani eller thattapayaru og blir brukt i ulike rettar, mellom anna ein salataktig sundal (ofte under høgtidene Ganesj tsjaturthi og navaratri).[24] I Andhra Pradesh er bønna kjend som alasandalu og blir brukt til ulike rettar, med vada som den mest populære. I Kerala er dei ein del av sadhya-retten olan.

I Vietnam blir svartaugebønner brukt i ein søt dessert som blir kalla chè đậu trắng (svartaugebønner og klissete ris med kokosmjølk).

Europa

Blansjerte svartaugebønner blir brukte på Kypros (φρέσκο λουβί, fresko luvi), i Hellas (μαυρομάτικα) og i Tyrkia (börülce salatası) til salat med dressing av olivenolje, salt, sitronsaft, lauk og kvitlauk.[25]

I Portugal blir svartaugebønner serverte med kokt torsk og potatar, med tunfisk og i salatar.

Amerika

Nord-Amerika

"Hoppin' John", som er laga av svartaugebønner eller andre belgfrukter, ris og svinekjøt, er ein tradisjonell retter i delar av sørlege USA.

Texas caviar, ein annan tradisjonell rett, er ein bønnesalat laga av svartaugebønner som er marinerte i ei vinaigrette-aktig dressing og hakka hvitløk.[26]

Sør-Amerika

I den nordaustlege delstaten Bahia i Brasil, særleg i byen Salvador, blir svartaugebønner (feijão fradinho) brukt i ein tradisjonell gaterett av vestafrikansk opphav som blir kalla acarajé. Bønnene blir skrelte og moste, og mosen av dei blir forma til ballar og frityrsteikte i palmeolje (dendê). Typisk blir ein acarajé delt i to og servert med fyll av vatapá, caruru, hakka grøna og raude tomater, steikt soltørka reker og heimelaga chilisaus.

I nordlege delar av Colombia blir bønnene brukte til å laga ei steikt kake kalla buñuelo. Ein har bønnene i vatn i nokre timar for å lausna skalet og mjukna dei. Skalet blir så fjerna for hand eller ved hjelp av ei manuell kvern. Deretter blir bønnene moste og ein tilset egg til ein får ei mjuk blanding. Blandinga blir steikt i varm olje. Retteen kan vera eit nærande frukostmåltid.

I Guyana og på Trinidad og Tobago er dette ein av den mest populære bønnetypen som blir servert med ris. Dei kan også lagast til for seg som ein smårett eller forrett. På nyttårsdagen (som i Guyana og Surinam blir kalla ‘Gamleårskvelden’) lagar familiar ofte ein tradisjonell rett som blir kalla cook-up rice. Retten består av ris, svartaugebønner og andre belgfrukter og ulike kjøtslag som er kokte i kokosmjølk og krydra. Etter tradisjonen skal denne retten vera det første ein et i det nye året fordi han bringer lukke. Cook-up rice er òg ein vanleg kvardagsrett.

Kjelder