Alabama

Alabama (frå choctaw alba almoh, kanskje 'krattskogryddarane') er ein delstat i det sørlege USA med rundt 4,9 millionar innbyggjarar.Han grensar til Tennessee i nord, Georgia i aust, Florida og Mexicogolfen i sør og Mississippi i vest. Alabama er ein del av Sørstatane, og er blitt kalla «Heart of Dixie». Andre tilnamn er Cotton State etter den store bomullsproduksjonen her og Yellowhammer State etter delstatsfuglen gulspett.[1]

Alabama
delstat
Flagg
Våpen
Land USA
Del avdet kontinentale USA
HovudstadMontgomery
Areal135 764 km²
 - land131 426 km²
 - vatn4 338 km²
Folketal 4 874 747  (2017)
Folketettleik37 / km²
GuvernørKay Ivey
Før innlemmingTerritoriet Alabama
Innlemma i USA14. desember 1819
Statsnummer22.
Innbyggjarnamnalabamianar
ForkortingAL
Kart
Alabama
32°42′N 86°42′W / 32.7°N 86.7°W / 32.7; -86.7
Wikimedia Commons: Alabama
Nettstad: alabama.gov

Alabama er med ei flatevidd på 135 765 km² den 30. største av USAs delstater etter areal, og med 4,8 millioner innbyggere den 23. største delstaten etter befolkning. Delstatshovudstaden i Alabama er Montgomery, men dei største byområda er Birmingham, Huntsville og Mobile.

Mynt til minne om Helen Keller, som var fødd i Alabama

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Alabama
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.