WhatsApp

WhatsApp er ein proprietær lynmeldingsapplikasjon hovudsakleg tilgjengeleg for smarttelefonar, men kan au brukast på datamaskinar. I tillegg til å senda tekstmeldingar kan brukarane av applikasjonen senda kvarandre bilete, video, dokument og ljodmeldingar og dela plasseringa si ved hjelp av ein integrert kartfunksjon.

WhatsApp

UtviklarWhatsApp LLC
UtgjevarMicrosoft Store, App Store, Google Play
Utgjeve24. februar 2009[1]
Nyaste versjon24.6.77 (25. mars 2024)[2]
PlattformiOS, Android, Microsoft Windows
OperativsystemmacOS, iOS, Android
Skrevet iErlang
OS-familieExtensible Messaging and Presence Protocol
Lisensproprietær lisens
Nettstadhttps://whatsapp.com/

Namnet på verksemda, WhatsApp, er eit ordspel av uttrykket What's Up? som på norsk tyder «Kva skjer?»[3]

Soge

WhatsApp Inc. vart grunnlagd i USA i 2009 av Brian Acton og Jan Koum, som begge var tidlegare tilsette i Yahoo!, og er basert i Mountain View i California.[3][4][5] Verksemda vart kjøpt opp av Facebook, Inc. i 2014 for 19 milliardar dollar.[6]

I desember 2013 rapporterte WhatsApp at dei hadde 400 millionar aktive brukarar per månad.[7] Per april 2014 hadde dei over 500 millionar aktive brukarar, med 700 millionar bilete og 100 millionar videoar delte igjennom tenesta kvar dag, og meir enn ti milliardar meldingar kvar dag.[8]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: WhatsApp