Archaeopteryx

Archaeopteryx
Systematikk
Rekkje:Maniraptoriformes
Underrekkje:Virveldyr Vertebrata
Klasse:Krypdyr Reptilia
Orden:†Archaeopterygiformes
Infraorden:Tetanurae
Parvorden:Coelurosauria
Familie:†Archaeopterygidae
Slekt:Archaeopteryx
Meyer, 1861

Archaeopteryx, nokre gonger referert til som urfuglen, er ei biologisk slekt av fugleliknande dinosaurar, og ei sannsynleg overgangsform mellom fjørkledde dinosaurar og moderne fuglar. Namnet er frå gammalgresk ἀρχαῖος (archaios) tyder 'gamal' og πτέρυξ (pteryx), som tyder 'fjør' eller 'veng'.

Archaeopteryx, eit originalt eksemplar hos Museum für Naturkunde i Berlin.
Foto: H. Raab

Archaeopteryx levde i sein jura for rundt 150 millionar år sidan, i det som no er sørlege Tyskland i ei tid då Europa var ei øygruppe i eit grunt, varmt tropisk hav, mykje nærare ekvator enn i dag.

Han likna ei skjor i storleik og form, og han voks til om lag 0,5 meter i lengd. Dei største individa kunne moglegvis nå storleik som ein ramn.[1] Trass liten storleik, breie venger, og evner til å flyge eller ta glideflukt, hadde Archaeopteryx meir til felles med små theropode dinosaurar enn med moderne fuglar. Særleg delte han følgjande funksjonar med deinonychosauridar, (dromaeosauridar og troodontidar): kjevar med skarpe tenner, tre fingrar med klør, ein lang hale med bein, tå nummer to som kunne utvidast som «slossklo», fjør, som peikar mot at han var homeoterm, samt ulike skjelettfunksjonar.[2][3]

Funksjonane nemnt over gjer Archaeopteryx til ein klår kandidat til ei overgangsform som lenkjer dinosaurar og fuglar.[4][5] Dermed spelar Archaeopteryx ei vektig rolle ikkje berre i studiet av opphavet åt fuglar, men òg i studiet av dinosaurar.

Det første komplette eksemplaret av Archaeopteryx vart annonsert i 1861, berre to år etter at Charles Darwin publiserte The Origin of Species, og eksemplaret vart eit vektig framlegg i debatten om evolusjonsteorien. Etter den tid har 10-11 ekstra fossil av Archaeopteryx dukka opp. Trass variasjonar blant desse fossila, er dei fleste ekspertar samde i at alle restar som er funne høyrer til ein og same arten, men det blir framleis diskutert.

Mange av desse fossila viser fjør. Det er av dei eldste, om ikkje det eldste direkte bevis for fjørdanning. Vidare, fordi desse fjøra er av ei avansert form, flygefjør, er fossila prov på at fjør hadde vore i utvikling då Archaeopteryx oppstod, før sein juratid.[6]

Kjelder

Denne artikkelen bygger på innleiinga til «Archaeopteryx» frå Wikipedia på engelsk, den 2. januar 2016.

Referansar

Bakgrunnsstoff

«Archaeopteryx» i Store norske leksikon, snl.no.