Bodensjøen

Bodensjøen (tysk Bodensee) er ein stor innsjø på Rhinen mellom Tyskland, Sveits og Austerrike.

Bodensjøen
innsjø
Satellittbilete av Bodensjøen.
Land Sveits,  Austerrike  Tyskland
TilsigRhinen
UtløpRhinen
Nedslagsfelt11 500 km²
Opphaldstid4,3 år
Høgd over havet395 moh.
Lengd63 km
Breidd14 km
Areal539 km²
Middeldjupn90 m
Største djupn252 m
Volum55 km³
Koordinatar47°39′N 9°19′E
ØyarMainau, Reichenau, Lindau
Byarsjå liste
Kart
Bodensjøen
47°39′00″N 9°19′00″E / 47.65°N 9.3166666666667°E / 47.65; 9.3166666666667
Kart over Bodensjøen
Kart over Bodensjøen
Kart over Bodensjøen
Wikimedia Commons: Lake Constance

Bodensjøen vart først nemnd av den romerske geografen Pomponius Mela rundt 43 fvt. Han merka seg at Rhinen rann gjennom to innsjøar og gav dei latinske namn, Lacus Venetus (i dag Obersee) og Lacus Acronius (i dag Untersee). Plinus den eldre brukte namnet Lacus Brigantinus, er den romerske byen Brigantium (i dag Bregenz). Innsjøen vert òg kalla Den swabiske sjøen.

Innsjøen ligg 395 m over havet og er den tredje største i Sentral-Europa etter Balatonsjøen og Genfersjøen. Han er 63 km lang, og på det breiaste nesten 14 km. Han dekkjer eit areal på om lag 539 km². Det største djupet er 252 m midt i den austlege delen (Obsersee). Volumet er om lag 55 km³. Innsjøen har fire delar: Obersee (hovuddelen, 476 km²), Überlinger See (nord, 61 km²), Untersee (vest, 63 km²), og Zeller See og Gnadensee (nordvest). Den regulerte Rhinen renn inn i innsjøen i søraust ved byen Konstanz og strøymer ut nær Stein am Rhein. Bodensjøen gjev ferskvatn til mange byar sør i Tyskland.

Bodensjøen vart danna av ein isbre (kalla Rhinisbreen) under istida. Elvene Rhinen, Bregenzer Ache og Dornbirner Ache fører sediment frå Alpane til innsjøen, slik at djupet av han gradvis minkar i søraust.

150 yrkesfiskarar fiska om lag 1000 tonn fisk i 2001, noko som var under den gjennomsnittlege fangsten på 1200 tonn dei siste ti åra. Ein aure (Salmo trutta) i Bodensjøen vart nesten utrydda på 1980-talet på grunn av forureining, men etter at ein har tatt førehandsreglar har fisken vendt tilbake att.

Ei bilferje trafikkerer innsjøen mellom Romanshorn i Sveits og Friedrichshafen i Tyskland, og ei anna ferje mellom Konstanz og Meersburg (begge tyske).

Geografisk kuriositet

Dampbåt på Bodensjøen.

Det finst ingen bindande avtalar mellom landa for kor landegrensene i Bodensjøen går. Sveits meiner at grensa skal gå i midten av innsjøen, medan Austerrike meiner at innsjøen bør vere eit kondominat mellom dei tre landa. Tyskland har ingen klare meiningar. Rettspørsmål vedrørande skipstransport og fiske er regulert i separate avtalar.

Det har naturlegvis oppstått tvistar. Ei sak omhandla ein husbåt som var ankra opp i to forskjellige land, og ei anna sak omhandla fiske i Bregenzbukta.

Flaumar

  • Den såkalla «hundreårsflaumen» tidleg på sommaren i 1999 heva nivået i innsjøen med to meter, og oversvømde hamner, bygningar og hotell.
  • Seint i august 2005 førte kraftig regn til at nivået steig med 70 cm på eit par dagar. Regnet skapte flaum over store område og vaska bort motorvegar og jarnbanelinjer.

Øyar i innsjøen

Byar rundt Bodensjøen

Utsyn frå Pfänder over Bregenz og innsjøen (med Lindau i bakgrunnen).

Austerrike

Tyskland

Reichenau sett frå den tyske sida.
  • Reichenau
  • Allensbach
  • Radolfzell
  • Moos
  • Gaienhofen
  • Öhningen

Sveits

Skumring nær Arbon.
Untersee, ein del av Bodensjøen

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bodensjøen