Brexit

Storbritannia si planlagde utmelding av Den europeiske unionen

Brexit (samansett av «Britain» og «exit») er eit utbreidd namn på prosessen med å ta Storbritannia ut av Den europeiske unionen (EU).[1] Landet blei medlem av EU i 1973. I 2016 stemte eit fleirtal i ei rådgjevande folkerøysting for å forlata EU, og i 2020 skjedde det offisielt. Storbritannia er den einaste nasjonen som har forlate Den europeiske unionen.[2]

Storbritannia og dei 27 attverande medlemsstatane i EU i høvesvis oransje og blått

Den britiske folkerøystinga om medlemskapen vart halden den 23. juni 2016. 51,89 % av veljarane stemde for å forlata EU, medan 48,11 % stemde for å verta verande i EU.[3]

Prosess

I mars 2017 vedtok det britiske parlamentet ei lov som gav regjeringa fullmakt til å forhandla om Storbritannias uttreden frå EU. Etter at denne loven vart sanksjonert av dronninga den 16. mars 2017 kunne regjeringa kunngjera overfor EU at landet hadde til føremål å melda seg ut, noko som sette i gang utmeldingsprosessen gjeven i artikkel 50 i Maastricht-traktaten.[4]

David Davis var minister for uttreden frå EU, ei ny stilling oppretta av Theresa May 13. juli 2016. Her til høgre saman med Matti Maasikas, Estlands EU-minister.

Forhandlingane om å melda Storbritannia ut av EU byrja formelt då regjeringa til Theresa May aktiverte artikkel 50 i Traktaten om Den europeiske unionen. Denne artikkelen kom inn i traktaten då Lisboatraktaten tredde i kraft i 2009. Artikkel 50 vart aktivert 29. mars 2017 då eit brev om Storbritannias utmeldelse vart overlevert presidenten for Europarådet, Donald Tusk.[5] Forhandlingane vert forventa å vara i to år, men tidsfristen kan forlengast.

Theresa May etablerte ein eigen minister for utmelding frå EU i juli 2016.[6] Forhandlingane var stipulert til å vara i to år. Statsminister Theresa May la opp til ei omfattande frihandelsavtale med EU til erstatning for medlemskap.[7] EUs leiing la i utgangspunktet opp til handelsavtale omtrent som den Canada har, men regjeringa ved brexit-minister David Davis sjølv ynskte ein meir omfattande avtale enn Canadas og Japans, òg omtalt som «Canada+» eller «Canada++», der blant anna finansielle tenester skulle inngå, Overgang til EFTA og eventuelt EØS er ei aktuell løysing for Storbritannia, ei løysing den britiske regjeringa avviste etter folkerøystinga.[8][9][10][11][12][13]

Boris Johnson trekte seg som utanriksminister i juli 2018 fordi han var usamd i Theresa Mays plan for ein «mjuk» brexit.
Foto: Foreign and Commonowealth Office, 2. desember 2016

Utanriksminister Boris Johnson og David Davis kunngjorde 8. og 9. juli 2018 at dei trekte frå seg sina stillingar fordi dei meinte at strategien til regjeringa for å forlata EU ikkje var radikal nok.[14] Mays regjering vart 6. juli samde om å arbeida for ei frihandelsavtale med industri- og jordbruksprodukt der Storbritannia i praksis vert verande ein del av EU sin indre marknad for varer men ikkje for tenester. May ynskte òg eit regelverk for rørsle av arbeidskraft.[15]

Kjelder