Cameron Diaz

amerikansk skodespelar

Cameron Michelle Diaz (fødd 30. august 1972) er ein amerikansk tidlegare filmskodespelar. Ho har trekt seg tilbake frå skodespelaryrket.[1]

Cameron Diaz

Fødd30. august 1972 (51 år)
FødestadSan Diego
FødenamnCameron Michelle Diaz
Aktive år1990–2016
Verka somfilmskodespelar, skodespelar, modell, stemmeskodespelar, fjernsynsskodespelar, filmprodusent, ansvarlig produsent, faglitterær forfattar, fjernsynsprodusent, fotomodell
FarEmilio Diaz
EktefelleBenji Madden
SambuarMatt Dillon, Alex Rodriguez, Justin Timberlake
BornRaddix Madden
PrisarMTV Movie Award for Best Performance, MTV Movie Award for Best On-Screen Duo, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Diaz er dotter av Emilio Diaz, ein cubansk-amerikanar som jobba som arbeidsleiar i eit oljeselskap.

Då Cameron var 16 år skreiv ho kontrakt med modellbyrået Elle. Etter at ho var ferdig med high school, reiste ho til Japan for å jobba. Der møtte ho Carlo de la Torre. Dei flytta saman då ho flytta tilbake til USA. I dei neste fem åra tok modelljobben henne verda rundt, og ho var modell for dei store firmaa.

Diaz var på den første auditionen sin då ho var 21 år, og prøvde på ei rolle i Jim Carrey-filmen Masken. Til si store overrasking, og utan noka tidlegare skodespelarerfaring, fekk ho den kvinnelege hovudrolla. Ho byrja straks med å ta timar for å læra seg skodespelaryrket.

Dei neste tre åra trena Diaz skodespelartalentet sitt i lågbudsjettfilmer som The Last Supper (1995), Feeling Minnesota (1996) og She's The One (1996). Ho vart meir kjend i rolla som den «perfekte» trulova i den romantiske komedien Min beste venns bryllup (1997) med Julia Roberts. Hovudrolla hennar i komedien Alle elsker Mary (1998) gav henne stjernestatus.

Filmografi

  • 1994 Masken
  • 1995 The Last Supper
  • 1996 She's the One | Feeling Minnesota | Head Above Water
  • 1997 Keys to Tulsa | Min beste venns bryllup | Et høyst uvanlig liv
  • 1998 Frykt og avsky i Las Vegas | Alle elsker Mary | Very Bad Things
  • 1999 Man Woman Film | Being John Malkovich | Any Given Sunday
  • 2000 Things You Can Tell Just by Looking at Her
  • 2000 Charlie's Angels | Welcome to Hollywood (dokumentar)
  • 2001 The Invisible Circus | Shrek (stemme)
  • 2001 Vanilla Sky
  • 2002 Skulkerne | The Sweetest Thing | Minority Report | Gangs of New York
  • 2003 Shrek 4-D (stemme) | Charlie's Angels: Full Throttle
  • 2004 Shrek 2 (stemme)
  • 2005 Trippin' (vert) | In Her Shoes | In Search of Ted Demme (dokumentar)
  • 2006 The Holiday
  • 2007 Shrek 3 (stemme)
  • 2008 What Happens in Vegas
  • 2009 My Sister's Keeper
  • 2010 Knight and Day
  • 2010 Fridabr
  • 2011 Bad Teacher
  • 2012 Gambit
  • 2013 Frida Lund
  • 2014 The Other Woman
  • 2014 Annie

Kjelder

Bakgrunnsstoff