Eincella organismar

Eincella organismar er organismar som berre består av ei celle. Dei fleste slike organismar er mikroskopiske, og blir derfor rekna som mikroorganismar. Andre kan ein sjå med det nakne auget.[1]

Fleire eincella algar frå ordenen Volvocales.

Eincella organismar er ei mangfoldig gruppe. Nokre har mange organellar, som mitokondrium eller flimmerhår,[2] medan andre nesten berre har det dei treng for å kunna formeira seg. Nokre lagar skal av kiselsyre, kitin eller kalk. Dette gjeld til dømes mange frittlevande eincella protoktistar som skalamøbar, foraminiferar og soldyr.[3]

Det er kjend om lag 300 000 artar eincella organismar.[treng kjelde]

Ernst Haeckel føreslo i 1866 eit eige biologisk rike for eincella organismar, protistar (Protista). Dette har ein seinare gått bort frå.[4][2]

Nokre døme på eincella organismar er:

  • Xenophyophorea, ei gruppe kjempemessige eincella organismar innan rekkja Foraminifera. Syringammina fragilissima kan nå ein diameter på opptil 20 cm.[5]
  • Nummulitidae
  • Valonia ventricosa, ein alge i klassen Chlorophyceae, kan nå ein diameter på 1-4 cm.[6][7]
  • Acetabularia, alge.
  • Caulerpa, alge[8]
  • Gromia sphaerica, amøbe
  • Thiomargarita namibiensis, den største kjende bakterien, kan få ein diameter på opptil 0,75 mm.
  • Epulopiscium fishelsoni, bakterie

Kjelder

Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.