Mayotte

franske departement

12°50′00″S 45°08′00″E / 12.83333°S 45.13333°E / -12.83333; 45.13333

Mayotte
  
Frankrike sitt flagg
Frankrike sitt flagg
Det franske flaggetDet franske riksvåpenet
Mayotte på verdskartet
StatusFransk oversjøisk departementalt samfunn (collectivité départementale d'outre-mer)
President i general-rådet (Président du Conseil général)Saïd Omar Ouali
HovudstadMamoudzou
Offisielt språkFransk
Areal

- % vatn

376 km²

ubetydelig

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 193 600 (2005)
ca. 515/km²

VerdsdelAfrika
Internet-domene.yt
TidssoneUTC +3
Internasjonal telefonkode+269
Nasjonalsong 

Mayotte er ei øy og eit fransk oversjøisk område nord-vest for Madagaskar. Geografisk er øya del av øygruppa Komorane men politisk vart ho skild frå Komorane då resten av øygruppa vart sjølvstendig i 1975. Folket på Mayotte valde ved folkeavrøystingar i 1974 og 1976 å bli verande franske. Hovudstaden heiter Mamoudzou.

Mayotte vart eit fransk protektorat 25. mars 1841, i 1912 vart øya annektert av Frankrike. I 1974 vart det heldt folkeavrøystingar på alle øyane i Komorane om sjølvstende frå Frankrike, Mayotte var den einaste øya som røysta for å bli verande fransk, med 63,8 % fleirtal. Dette vart stadfesta ved ei ny folkeavrøysting i 1976. Mayotte vart difor skild frå resten av Komorane, som vart ein sjølvstendig republikk. Komorane gjer framleis krav på Mayotte. Ved fleire høve har det vorte fremja forslag i Tryggingsrådet i SN som støttar Komorane sitt krav på Mayotte, desse har kvar gong blitt støtta av 11 av 15 røyster, men blitt stansa av Frankrike sitt veto. Den afrikanske unionen støttar òg Komorane sitt krav på Mayotte.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.