Komorane

Union des Comores
Udzima wa Komori
الاتحاد القمر

(norsk: Komorane, komorisk)

Det komoriske flaggetDet komoriske riksvåpenet
FlaggRiksvåpen
Nasjonalsong«Udzima wa ya Masiwa»
MottoUnité - Justice - Progrès (fransk, eining, rettferd, framsteg)
Geografisk plassering av Komorane
Offisielle språkShikomor, arabisk og fransk
HovudstadMoroni
Styresett

Ikililou Dhoinine
Flatevidd
 – Totalt
 
2 235 km² (171.)
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
808 080 (160.)
361,6 /km²
Sjølvstende
Frå Frankrike
1975
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
1 214 mill. USD (181.)
1 800 USD (181.)
ValutaKomoriske franc
TidssoneUTC+3
Toppnivådomene.km


Komorane er ein sambandsrepublikk som er samansett av dei vulkanske øyane Grande Comore, Moheli og Anjouan, dei tre nordlegaste av øyane i den komoriske øygruppa utanfor kysten av det sørlege Afrika.

Kart over Komorane

Historie

Øyane er blitt invadert av ulike grupper frå fastlandsafrika, Persiabukta, Indonesia og Madagaskar. Oppdagarar frå Portugal kom til øygruppa i 1505. Tidleg på 1800-talet tok Frankrike kontroll over Komorane. Franske nybyggjarar og verksemder og arabiske handelsmenn gjekk saman om å bygga opp eit plantasjesystem som brukte ein tredjedel av landbruksjorda til dyrking for eksport.

I 1973 blei Komorane og Frankrike einige om at landet skulle få sjølvstende fem år seinare. Men allereie den 6. juli 1975 vedtok den komoriske nasjonalforsamlinga sjølvstende. Utsendingane frå øya Mayotte avstod frå å stemma, og øya fortsette å vera under fransk styre.

Sidan 1975 har Komorane hatt 19 statskupp eller kuppforsøk. I 1997 sa øyane Anjouan og Moheli seg sjølvstendige. Militærkommandøren Azali Assoumani tok makta i 1999 og prøvde å løysa krisa ved å skapa ein føderasjon. Mot slutten av 2001 blei den nye grunnlova godkjend, og året etter valde kvar øy sin eigen president medan ein ny unionspresident blei svoren inn den 26. mai 2002.

Geografi

Denne republikken i Indiahavet er ei gruppe vulkanske øyar som ligg i den nordlege enden av Mosambikkanalen mellom Mosambikk og Afrika. Klimaet er varmt, og temperaturane held seg stort sett rundt 27-31 °C på det varmaste. I tillegg er det for det meste regnfullt, men perioden frå mai til oktober er litt tørrare. Moroni har ein årleg nedbørsnormal på 2542 mm.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Komorane
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.