Gammalkyrkjeslavisk

Gammalkyrkjeslavisk (ѩзъıкъ словѣньскъıи) var det første slaviske skriftspråket. Dette har utvikla seg til dei kyrkjeslaviske språka som enno blir brukt i liturgien i mange slaviske ortodokse kyrkjer.

Gammalkyrkjeslavisk
словѣньскыи ѩзыкъ, slověnĭskyi językŭ
KlassifiseringIndoeuropeisk
 Balto-slavisk
  Slavisk
   Sørslavisk
Bruk
RangeringAust-Europa
Skriftsystemglagolittisk, kyrillisk
Språkkodar
ISO 639-1cu
ISO 639-2chu
ISO 639-3chu
Wikipedia på gammalkyrkjeslavisk
Eit blad av (Triod' cvetnaja) frå ca. 1491, ei av dei eldste trykte bysantisk-slaviske bøkene. Frå det polske nasjonalbiblioteket.

Dette første slaviske skriftspråket vart utvikla på 800-talet av to greske brør, misjonærane Kyrillos og Methodios, med utgangspunkt frå den sørslaviske dialekten som vart brukt i Saloniki. Arbeidet la grunnlaget for utbreiinga av kristendommen i Serbia og Bulgaria i andre halvdelen av åttehundretalet, og at desse landa fekk kristendommen i den bysantinske, austlege forma. Austkyrkja meinte alt meinte folk skulle feire gudstenesta på sitt eige språk, mens kyrkja i Roma heldt på trespråktanken – at språka til kristendommen var latin, gresk og hebraisk.

Dei bysantinske misjonærane som kom til Kievriket på slutten av nihundretalet, hadde med seg både kristendom og skriftspråk. Russarane overtok dette skriftspråket som bygde på ein sørslavisk dialekt, men som ikkje skilde seg altfor mykje frå det gammalrussiske talespråket.

Då dei slaviske folka fekk eit gudstenestespråk som i hovudsak var forståeleg for vanlege folk, fekk det mykje å seie for utbreiinga av den kristne bodskapen. Samtidig førte dette til at Russland hamna på sida av den store latinspråklege kulturen som prega den vestlege delen av Europa.

Kjelder